Haustklatretur

Veke 42 var Frode Guldal, Kjell Haugeberg, Øystein og Tore på klatretur i Vestland. Turen var bestemt ei stund tilbake, og med Vårherre (veransvarleg) på laget vart dette ein veldig flott roadtrip.

Ein kort stopp på Avsnes feltet ved Sognefjorden på veg til Sotra. Feltet ligg mellom Vadheim og Lavik på ei lys sjøklippe like ved vegen. Ca 30 ruter der, 15-20m, sport.

På Sotra traff vi Kjell som kom frå Stavanger. Like ved Haganes ligg 10-15 småtoppar med tradruter opp til 3 tl. Vi vitja Litoppen eine dagen og Kjerringfjell andre dagen. Området var sentralt for tradklatring på ‘70 – og ‘80 tal. Seinare er det kome til mange og varierte sportsfelt.

Vi reiste austover til Uskedal på vestsida av Folgefonna. Her ligg veggar og svaryggar på rekke og rad innover dalen. Dei er vende mot nord og aust – heilt perfekt på sommaren, men litt for kaldt når sola svinga sydover midt på dag no.

Okkensom. Vi klatra på Øktertind der det var sol til kl 13 (halve Midtsommernattsdrøm, Frode og Tore), og på Vetletind der det berre var sol til kl 11 (Prøvebolting, Dronning Maud land, Øystein og Kjell, og Alkymisten, Frode og Tore).

Omsvik ved Uskedal, foto Tore L

Dette er eit heilt sentralt klatreområde i Norge; det vert kalla ‘dalen som Gud skurte’ og ‘mini Yosemite’.

Vetletind bak huset, Alkymist i høgrekant, Prøveboring i venstrekant, foto Frode G
Vetletind, ‘Prøveboring’, foto Kjell Haugberg
Øktertind, ‘En midtsommernattsdrøm’ går rett opp i høgrekant av svarenna, foto Øystein D
Midt i en Midtsommernattsdrøm, foto Frode G
Midt i ‘drømmen’, foto Frode G

NB det har gått ei ras midt i ‘drømmen’ i juni ‘20 like over der vi snudde. Eg kontakta forfattar (Odd Magne Øgreid) av Uskedalførar og fekk slik info:
https://www.bergen-klatreklubb.no/forere/cragdatabase/kommentarer/rutedetalj.php?Id=1321

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Ørstahallen

Vi minner om at ALLE er ansvarlege for at ein ikkje slepp inn andre i Ørstahallen når ein går inn/ut.
Dersom andre vil inn samtidig med deg må dei sjølve låse seg inn eller vente ute til dei som er ansvarlege for aktiviteten deira slepp dei inn.

Vi skal også sjølve ha respekt for at andre prøver å handheve desse rutinane.

Styreleiar

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Alle gode ting er tre

I oktober 2018 publiserte eg to artiklar om tradklatring i Kvanndalen.
Eg, som monge andre, har lagt merke til denne karakteristiske veggen innst inne i dalen rett nord for Appelsinhaugen. Veggen er stor, bratt og lokkar med markante linjer som går heilt til topps. Eg måtte opp!

18.11.2018 var eg opp saman med Stig Petter for å klatre i desse rissa. Målet på denne turen var å gå ruta Blodappelsin men vi forstod fort at vi ikkje klarte å kome langt ettersom vi ikkje hadde med store nok kamkilar. Vi valde då å heller gå ei rute på venstresida av veggen (gul linje) 3tl. 6+. Kven som har gått denne ruta før, er ikkje stadfesta, men det er mogleg Tore har FB her.

22.11.2018 var eg attende saman med Stig Helset og Thomas Riis med nytt mål om å klatre Blodappelsin. Denne gongen hadde eg skaffa fleire store kamkilar og hadde nytt håp om kome til topps. Eg leda 1. tl. (kvit linje) i god stil og tok opp dei to andre. 5-6 meter opp i andre tl. måtte eg snu då vi kom fram til at det ikkje var forsvarleg å fortsette. Vanskeleg klatring og temperaturar ned mot null satt ein stoppar og vi rappa av veggen.

3.10.2020 var eg attende med Stig Petter for å prøve på ny. Denne gongen hadde vi med oss fleire store kamkilar. 4 stk. 6, 1 stk. 5, 1 stk. 4, 3 stk. 3 og ein del andre kammar av mindre sort. Racket vog til saman 8kg!
Eg leda opp første taulengd og tok opp SP til standplass.
I andre tl. leda eg opp til ein utoverhengande Offwidth, så stor at sjølv 6er kam vart for liten. I tillegg til dette var her ein diger mose i risset som delvis blokkerte for vidare passasje. Det førte til eksponert klatring på framsida av offwidth’en. Dette vart starten på ein lang og tung seksjon med veldig teknisk rissklatring opp til standplass. Denne klatringa var bratt, tung og tidvis desperat. Alle kammane vi tok med vart brukt i denne taulengden. Toppen var enkel å klatre og var også ein del kortare. Alle taulengdene vart leda i god stil / fri.
1. tl 6+ offwidth 30m. 2. tl. 7 offwidth 35m. 3. tl. 3+ 25m.

Tips til andre som vil gå denne ruta. Ta med micro traxion for heising. Retur på denne veggen er walkdown ned innste-renna, noko som betyr at sekkane må vere med opp. Vi hadde med ein 60m lang tagline 6mm som vi kobla til sekkane på bakken. Desse heisa eg opp på andre standplass.
Om du har større kamkilar enn 6 kan det være ein fordel og ha med 1 stk. 8 BD cam. Offwidthen er stor.
SKK kjøpte for mange år tilbake inn ein kamkile str. 6 og to stk Trango Big Bro tube Chocks. Desse kan alle låne og bruke. Pr. no er det eg som har desse. Om dei ikkje vert flytta til hallen er det i alle fall mogleg å ta kontakt med meg om du vil låne.

Oversikt over rutene er teikna inn i ein gammal førar laga av Stig Endre Moe. Originalt er Blodappelsin gradert 7-A0. Men den ruta går til venstre i starten og ikkje opp i offwidth-risset på høgre side, der vi no klatra. Noko som betyr at vi har klatra ein ny variant i starten. Rutene går i hop etter dette og deler naturligvis stand. Stig Endre topptaua på andre taulengd for mange år tilbake, men konkluderte med at det ikkje var gjennomførbart. Dette vil i grunnen seie at denne ruta er ei ny bestigning og ikkje berre ein FFB.
Om dette stemmer vil eg kalle denne ruta for «Appelsinveggen direkte» kvit merking på første bilde.


Alle gode ting er tre og vi kan endeleg legge dette prosjektet bak oss. Men dette betyr ikkje at det er over. Er det noko eg har lært meg i denne sporten så er at vi aldri sluttar, vi fortset.


Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Haukelandsnipa

Haukelandsnipa er den store, lyse, bratte veggen rett syd om Syvdsneset. 1.10.20 var eg og Kristian Sørensen oppider for å sjekke foholda og starte på mulig ny rute med arbeidstittel ‘Den kvite stripa’.

Haukelandsnipa i Syvdefjorden. Foto L Strand.

Den ‘korte’ turen opp lida er mykje lenger og meir korglete enn den ser ut til. Om ein startar 2 gjøl thf veggen og held seg på på høgre side av dette høgt opp, finn ein hjortetrakk. Går ein rett på, vert det vestlandsjungel (tru meg!).

Veggen er bratt og kompakt, men der er nokre riss og ‘lureriss’ i det kvite partiet. Vi gjekk rett opp frå ein skrå obeliks. På 1.stand fann vi rapellslynge, men ikkje noko spor etter klatring lenger oppe. Vi gjekk 3tl opp til det tydelege tverrbandet: 30m/6, 20m/6+, 40m/6 (rapell på 2. og 3.stand). Der fjellet la seg siste 15m til 3.stand, er der litt grodd. Bortsett frå dette er klatring sikring veldig bra. Særleg 2.tl er flott gjennom eit digert overheng.

Og vidare? Tverrbandet (3.stand) har eit innskot av anna og kompakt fjellsort; her må stand forsterkst med ein bb. Dette bandet er berre 3m opptil fjell av same, lyse type som lenger nede. Eit skrått dieder til høgre, så eit til venstre, fører til ein nase som er vegen opp til neste tverrband. Vil tru dette er nye 3tl. Så legg fjellet seg og blir truleg meir kompakt og grodd. Prosjektet er ope, men informer oss om de dreg opp.

Kvite stripa – del 1. Haukelandsnipa. Foto L Strand.
Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Kurs: Trener 1 – veke 44

Tidlegare kurs blei avlyst då instruktør frå NKF ikkje kunne stille pga. sjukdom.

Veke 44 arrangerast kurset trener 1 i klatrehallen i Ørsta!

Kurset er gratis. Dette kurset er for deg som ynskjer å verte ein god klatreleder. Ein lærer å utvikle utøvarane sine ferdigheiter, samtidig som ein ivaretek eit trygt og godt læremiljø. Sjå link lenger nede for meir informasjon om kva kurset tilbyr.

Tidspunkt for kurs er veke 44, tirsdag og onsdag kveld,17.00-22.00, og torsdag 09.00- 18.00.

Det er plass til 6 deltakarar.

Kurshaldar er Philip Toney, klubbutviklar i Norges Klatreforbund. Kurset er eit tilbod frå klubben, som NKF betalar, det vil seie kurset er gratis å delta på.

Krav til kursdeltakarar:

  • Ein må vere godkjent som klatreleiar inne.
  • Ein må vere minimum 16 år ved kursstart.
  • Deltakarar mellom 16-18 år vil ha eit begrensa arbeidsområde.
  • Ein må ha minimum 1 års erfaring med klatring og sikring på led inne eller ute.
  • Ein må lede minimum grad 5.

Det vert teoriprøve iløpet av kurset, ein må derfor sette seg godt inn i artiklar og pensum. Sjå link for meir info om kurset: https://klatring.no/trener-1

Det vert forventa at deltakarar med godkjent kurs bidreg som trenar for ungdomsgruppa/gruppene i SKK.

Er du interessert?

Påmelding sendast på mail til kontakt@sunnmorsk-klatreklubb.no. Påmeldingsfrist: 21.10.20

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel