Klatresiloen i Volda feirar 20 år!

I høve 20 års-jubileet i 2015, vil Sunnmørsk Klatreklubb ha “OPEN- Klatresilo” komande helg: 9.-11. januar.

Program for helga er:

Fredag Laurdag Søndag
13.00 Barneklatring Barneklatring
15.00 Jenteklatring Tauklatring
18.00 Buldring Buldring Ungdomsklatring
22.00 Slutt Slutt Slutt

Tilbodet er gratis, og Sunnmørsk Klatreklubb stiller med instruktører og utlån av utstyr.

Det vil også være mulig iløp av helga å sikre seg årets medlemskap i SKK og til Klatresiloen til 2014 prisar, før dei endrast i februar.

Utdyping:

Buldring: Klatring utan tau, der ein øver på å løyse vanskelig klatreproblem.

Barneklatring: Klatring opp til 12 års alder.

Jenteklatring: Du tenkte riktig, det er klatring forbehold jenter.

Tauklatring: Klatring av fulllengde ruter, med klatresele og tau som sikringsmiddel.

Ungdomsklatring: Klatring for aldergruppe 13-19 år.

Styret i Sunnmørsk Klatreklubb ser fram til å feire «Siloen» saman med deg denne helga.

Dette innlegget vart lagt inn i Buldring, Klatresiloen, Sunnmørsk Klatreklubb. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *