Dugnad på Eikremshammaren

I mars 2013, var eg ute å kika på steinane på Eikrem..  Etter litt diskusjon fram og tilbake med meg sjølv, vart eg einig i at dette kunne verte eit flott felt. I april samme år var vi ein gjeng som besøkte feltet jamnt og trutt og fekk pussa fram mange flotte bulder. Feltet husar no kring 40 fine bulder frå grad : «look, no hands» til «sjukt tungt».

Tidleg våren 2014 kom vi inn på tanken på å reinske bergveggane og kanskje få laga dette om til eit «familievennleg» felt, med ruter både for små og store. Og fann etterkvart ut at her kunne det vere potensiale for fleire artige småruter. For det er helst det det er, småruter. Dei lengste snusar mogleg på 15m- talet om du legg godviljen til og har god fantasi. Elles ligg dei fleste på mellom 5-6 – 10 meter. ca..  Der har visstnok vore klatra før, på både 80 og 90-talet, noke eit par bankeboltar og nokre Stokstadboltar kan vitne om.

Så vart det bestemt at vi skulle ha dugnad.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Men før ein dugnad på annan manns grunn, måtte vi spør om løyve. Etter å ha fått berre positive tilbakemeldingar, satte vi i gong med dugnadsarbeid. saging, høgging, tillaging av bålplass, brubygging osv.. Det var folk også litt utanom klatremiljøet som kom og hjalp til, noko som varma gamle dugnadssjeler. Arbeidet med å lage området til er på longt nær over. Framleis står det att å lage snufester, samt bolte der det må gjerast slikt. (og rydde opp i dei gamle linjene/ friske oppatt dei gamle boltane som vart sett der på 80-talet(?)Vi håpar på å få meir hjelp til dette ut på vårparten:)

Dette innlegget vart lagt inn i Dugnad. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *