El Chorro

Tur rapport frå El Chorro.

elchorro

Karl Leikanger, Oyvind Festoy og Aasmund Vaage tok førjulstur til Spania for å måle krefter med pumpens mekka.

Frå Oslo flyr ein i eit strekk til Malaga. Pris er varierande, men for 1500 kjem ein langt. El Chorro ligger ca. 45 min. med tog frå Malaga sentrum. Turen kostar ca. 25 spenn. Det går kun to turar frå Malaga til El Chorro for dagen. Ein tidleg og ein avgang kl. 19.00. Fraa El Chorro til Malaga gaar det eit taag kl. 09.00 og eit i 20.00 tida.

El Chorro har tusenvis av ruter i alle fasongar og grader. Felles for alle rutene er at det er fast kalkstein ein balanserar på. Rutebeskrivelsar finner ein paa nettet (kjem ikkje paa adr.) og litt anna info.

El Chorro er ein nasjonalpark og det er med andre ord ikkje lov å fricampe i naturen. Har ein bil er det fleire stadar ein kan parkere og campe. To herberge tilbyr overnatting på seksmanns rom. prisen går frå 6-10 e. el. ca. 50-80 nok. for natta. Eg kan ellers fortelle om div. 7a+,7b og 7b+ ut topping av dei tre amigos. Ein ung bergensklatrar med namn Marius Mitbo var og der og fekk signert ein 7c+ paa blikk. Ein prestasjon verdt aa kommentere!

El Chorro er staden aa dra til for pumpsugne klatrefantar!

God tur!

Kart

Dette innlegget vart lagt inn i Klatrarar på tur, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *