Fontainebleau: Venting og Forventning

img_1070

Etter ein heller lite givande dag på lesesalen ringte eg Halfdan for å høyre om han var interessert i å vere med til Frankrike. Etter nokre sekund kom eit klart «ja» i den andre enden av telefonen. Etter nokre timar var billettar bestilt og vi skulle reise ned til sandsteinsparadiset om fire dagar.

Brått stod vi på Charles De Gaulle og var på veg til Fontainebleau med store forventningar. Det var ikkje noko tid å miste og det fyrste vi gjorde var å kjøyre rett til feltet 95.2 for å kjenne på forholda. På veg inn til området byrja vi å forstå at forholda var ikkje optimale med grå himmel og våt skog. Vi byrja likevel og etter eit par bulder var vi så heldige å møte Tommy Skeide og sambuaren Ann Kristin. Den originale planen vår var å sove i bilen gjennom heile opphaldet for å spare pengar. Heldigvis hadde Tommy og Ann Kristin eit stort hus med mykje ledig plass og resten av opphaldet vår var redda. Med ny optimisme gjekk vi rett til ein klassisk 7C i skogen, L’ange Näif. Eg har sett på denne linja kvar gong eg har vore i Font og for kvar gong har eg gjort små steg oppover. Forholda var mildt sagt dårlige og vi burde eigentleg spart hud og energi. Likevel,  klatring er ikkje alltid basert på rasjonalitet og takk for det. Begge to hadde svært gode forsøk på bulderet og tanken om at det kunne gå med gode forhold kom snikande.

Veiret viste seg ikkje frå si beste side gjennom opphaldet vårt, men ting tørkar fort i Font og skogen er stor. Vi prøvde lykka den andre dagen på Apremont som er ein stor labyrint av steinar i alle storleikar. Eg, Tommy og Halfdan prøvde på eit bulder som bestod av eit tynt sva som endte i eit langt hopp opp til eit godt tak. Meget kult.

Neste dag vart brukt på Franchard Cuisiniére og bulderet Bizarre Bizarre 7A som ligg ved sidan av ikoniske Karma 8A. Mange av buldera i Font har ofte eit triks som gjer at ein plutseleg er i stand til å gå bulderet. Det er dette som kjenneteikner buldringa i Fontainebleau. Ein treng meir enn styrke for å kome seg opp og det hjelp ikkje å ta i hardare. Ofte er det eit resultat av fingerstyrke, kroppsposisjon og godt fotarbeid. Halfdan forstod trikset på Bizarre Bizarre og gjekk den to gongar, ein for seg sjølv og ein for kameraet.

Vi hadde ein dag med flott veir og når det er fint i Font er det veldig fint. Franchard Isatis viste seg frå si beste side med blå himmel og ein lett bris. Huda blei brukt på dei to veldig klassiske El Poussah 7A og El Pousiff 7A+.

Dei neste dagane var ein stor skuffelse og veiret blei ikkje noko betre. Det einaste vi fekk var nokre fine timar på Bas Cuvier og ein bestigning av La Marie Rose 6A. Dette er eit svært historisk bulder fordi det er det første bulderet på seksergraden i font og det blei gått i 1946. Dei var jaggu meg gode til å klatre i 1946 for dette er eit hardt bulder i forhold til graden.

Til tross for at dårleg veir hadde vi ein veldig fin tur og vi lærte nok ein ting eller to om klatring. Om ein ikkje har vore i Font bør ein vurdere det, ein blir betre til å klatre etter eit besøk til den magiske skogen.

Lars Otto Lofthus Ose og Halfdan Wiik Strømgren

Labyrinten av stein.

Labyrinten av stein.

Halfdan og svahoppet

Halfdan og svahoppet

Fransk frukost

Fransk frukost

Tommy med eit forsøk på klassikeren.

Tommy med eit forsøk på klassikeren.

Den hardaste og flottaste 6A'en i verda?

Den hardaste og flottaste 6A’en i verda?

Dette innlegget vart lagt inn i Klatrarar på tur, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *