Lofoten 2012

Eg og Halfdan blei kjende med kvarandre i Albarracin, Spania. Målet med turen var desember-kulde, tunge flytt og problemløysning. Alle var interessert i å presse seg sjølv maksimalt innanfor buldring og det gjorde vi i tretten dagar og utover våren. Vendepunktet kom når sola og varmen gjorde sitt på andre ting enn lave steinar. Etter to øktar på nedstefeltet med standplass-trening, kileplasseringar og nervar var det bestemt at eg og Halfdan måtte reise til den flottaste staden i Noreg for naturleg klatring, Lofoten.

Halfdan segla langs kysten i godt vær og eg mønstra på i Bodø. Dette var min fyrste gong i ein seglbåt og resultatet blei intens piperøyking over Vestfjorden medan Halfdan segla som ein sjef. Gleda over å ha beina på fast jord var kortvarig og vi møtte Vidar Nyhammar som køyrde oss rett ut til Paradiset på Kalle. Vi byrja med å klatre det nydelige Svenskediederet og utover dagen fekk vi prøvd oss på jamming i grov granitt. Ein smertefull verkelegheitssjekk over kor grønne vi var på riss. Dei neste dagane vart brukte til å klatre oss litt inn og møte fleire kjenningar frå Volda. Erlend, Kaja, Sondre, Audun og Marte gjorde at vi var ein god gjeng oppe i nord. Som nokon høgdepunkt kan vi nemne Puffrisset og Gandalf, to klassiske linje byr på nok utfordringar for to ulærde klatrerar. Etter ei flott veke i Lofoten frå si beste side fekk vi smake på korleis dårleg vær er der oppe i nord. Med femti millimeter nedbør og vind på tjue sekundmeter søkte vi husly med Vidar og venta på opplett i nokre dagar.

img_0585

Erlend hadde reist heimatt frå det dårlege været og vi satt fortsatt å venta på tørre sva og riss. For å vere meir spesifikk og ærleg venta vi eigentleg på at Presten skulle bli tørr og ein moglegheit til å prøve oss på det usagte målet vårt med turen. Etter eit par langdryge diskusjonar der vi bytta på å vere optimisten og pessimisten bestemde vi oss for at vi burde sjå korleis det gjekk opp Tromsøekspressen før vi gav Presten ein sjanse. Etter litt småklamme fingrar og nervar gjekk Tromsøekspressen relativt greit og då var det ingen veg tilbake. Vekkarklokka var satt til sju neste dag. Vi stod opp ni og byrja klatringa opp Presten rundt tolv på formiddagen. Eg og Halfdan hadde berre klatra tre taulengder saman før vi byrja og no var vi i gang med tolv. Avtalen var at vi skulle ta ein liten diskusjon når vi kom til den fjerde og siste bolta standplassen. Brått stod vi på den femte og var nøgde med korleis det gjekk. For dei som ikkje har klatra Presten kan vi melde at det må vere ei av dei flottaste linjene i heile Noreg med perfekte riss, dieder og ei utsikt ut av ei anna verd. Alltid utfordrande, men den er godt sikra og dei gode taka er aldri for langt vekke. Den eine taulengda flottare enn den andre og svært jamn uavhengig om det er grad fem eller seks. Halfdan leda den siste lengda med klatring over eit ekkelt sikra sva og bolten som i fylgje føraren sikrar siste crux, den er der ikkje. Vi toppa ut klokka to om natta og brukte to timar ned til bilen. Dagen vart feira med ei nordlandspils i bilen og mat etter dei tre skivene vi hadde tatt med oss opp i veggen.

Vi hadde ein fantastisk tur til Lofoten og det er ikkje umogleg at buldringa har fått god konkurranse frå naturleg klatring.

Lars Otto Lofthus Ose og Halfdan Wiik Strømgren.

img_0653

img_0650

 

Dette innlegget vart lagt inn i Klatrarar på tur, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *