Romjul og nyttår i Albarracin

I fjor var i vi fem som reiste ned til Albarracin i Spania for å nyte sol og raud sandstein. I år hadde rykta om fin klatring spredd seg og i ei periode var vi tolv personar fordelt på to hytter. Frå Volda var det eg, Halfdan, Martin og Sindre som reiste nedover 29. desember. Vi endte opp i Alicante og derfrå var det fire timar med god bilkjøyring og ein time med mindre god bilkjøyring i Valencia. Vi var ikkje framme før godt ut i natta, men heldigvis hadde to trøndera kome litt før og åpna hyttene. Det var godt å sleppe ei trang og kald natt i berlingoen slik vi hadde i fjor.

Den fyrste dagen blei brukt til å vise fram feltet techos som er ein lang og trang dal med store takoverheng på kvar side. Dette er eit av dei store felta i Albarracin og mange av dei klassiske linjene ligg her. Den fyrste problemet vi prøvde var Supermafa Tacho som er ein overhengande og klassisk 6B. Dei fleste fekk gått denne linja og det blei brukt mykje ulike løysningar på toppen som er relativt høg. Etter kvart prøvde eg og Halfdan på Vuelo sin motor 7A som er ein direkte variant der ein hoppar til toppen. Halfdan gjorde som vanleg kort prosess, medan eg brukte litt lengre tid. Det neste problemet vi prøvde er sjølve definisjonen av klatringa i Albarracin. El pan canario 7A byrjar i eit bratt takoverheng med gode tak og endar opp med at ein prøvar å svømme seg over ein glatt kant.

Klatringa i Albarracin er ofte veldig bratt og fysisk krevande. Om ein er på jakt etter svaklatring kan ein berre reise heimatt, ein skal leite lenge for å finne sva. Eit godt eksempel på dette er problemet Techo Don Pepo Deracha 7A som er eit tak der ein må ta i frå start til slutt. Her var det heile fem personar som fekk gått problemet ganske fort.

Seinare på dagen fekk eg gått Palpant 7B+ hadde jobba med i fjor. Problemet kan kort skildrast som eit stort overhangande kjøleskap der ein klamrar seg fast på sidene. Svært gøy å merke framgang frå fjorårets tur.

Ein av dagane blei brukte til å finne chakra-steinen som inneheld tre svært klassiske bulder i skogen. Vi prøvde på Ineschakra 7B+ som er ein overhengande vegg med slappe lister. Her fekk vi besøk av legenden Dani Andrada som jobba med Fuerte A Muerte 8A. Kan melde om at han er meget sterk og svært pratsom.

Livet i spania byrjar med at ein av oss stod opp rundt ti – elleve for å koke kaffe og når den var ferdig stod vi opp ein etter ein. Ofte tok vi frukosten i skogen etter ein tur til bakeriet. Frå eitt til to-tida byrja vi å støte på ulike bulder og vi hadde ei fin ordning på at gav oss når sola gjekk ned. Slik gjekk dei fleste dagane og ein kan ikkje seie noko anna enn at det er ei fin kontrast frå det vanlege livet.

Ein tur til Albarracin er rett og slett ein veldig god start på eit nytt år.

 

Lars Otto Lofthus Ose, Halfdan Wiik Strømgren, Sindre Dimmen og Martin Ring

 

Buldring Albarracin

Foto: Sindre Dimmen

Foto: Sindre Dimmen

Foto: Sindre Dimmen

Foto: Sindre Dimmen

Foto: Sindre Dimmen

Foto: Sindre Dimmen

Foto: Sindre Dimmen

Dette innlegget vart lagt inn i Klatrarar på tur, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *