Weisshorn (4505)

I sommar tok Stig og eg oss ein sveip nedom fjellandet Sveits. Målet for turen var Weisshorn som ligger ganske nærme det meir kjende fjellet Matterhorn.

Vi kom til Randa camping som ligger med foten av Weisshorn via ein runde i Chamonix, Frankrike. Der lada vi opp eit pr. dagar m litt akklimatisering, ølsmaking og campingturisme..

Randa er ingenting å skrive heim etter, så dermed hopper vi rett på anmarsjen.
Det e ein fantastisk gå tur opp til litle Weisshorn-hut gjennom reinaste Heidi-landskapet (for dei som huskar alpejenta i serien på 80 tallet). Nydelig gåtur opp, opp og vidare opp… Ganske så dryg bakke eigentleg når alt kjem til alt. 🙂

Vel oppe på hytta fekk vi (i motsetning til hyttene i Frankrike) flott service frå to hyggelige unge Sveitser søstrer. Viste seg at det va andre som hadde blod på tann denne helga og hytta va meir eller mindre full av alpinistar som ville ha toppstøtt neste dag til tross for heller dårlege vêrmeldingar. Eg må innrømme at det var bra det var andre som skulle oppi lia til natta. Vi hadde nemleg ingen guid og eller spesielt god info om kor denne klatreruta starta.. Så planen var klar: Ligge i dragsuget.

Kvelden kom og plutselig var klokka to og revelje song sin sure klang.. Opp og stå, kle på, frukost, pakke siste rest i sekk og ut å gå i natta. Planen vår fungerte utmerket heilt til vi kom opp på fyrste breden. Der tok vi ”såklart” på oss stegjarna, men det gadd ikkje laget føre oss! Plutseleg var dei eit godt stykke frami natta ein stad og vi hasta etter. Snart kom fyrste veggen og klatringa kunne starte, men laget framfor oss må ha vert heilt sinnsjukt dyktige for opp for dei i ein faens fart. Vi stod under ein vegg som ikkje akkurat innbaud til solering av nokon som helst grad. Fram med tau! Og slik begynte turen og slik skulle den forsette heilt opp til Früstückplatz som er starten på ryggtraversen. Trur eg med handa på hjartet kan seie at vi klatra ein litt pussig linje opp og dikta ein satans masse unødvendig banning oppi fjellsida!

Vel oppe på ryggen lysna det så smått og da ordna det seg fint.. Berre å balansere og klyve langs etter ryggen og toppen e jo ikkje akkurat til å ta feil av. Men langt og etterkvart bratt blei det så einaste gleda eg fekk utover den flotte utsikta var at Mr. Stig fekk syrespreng i låra også.

Siste 100 høgdemetrane til toppen er som ein bratt pyramide med snø, is og fjell. Kom nokre glosar her også, men stort sett gjaldt det å ha tunga beint i munnen og konsentrere seg.. Her var det ikkje aktuelt å trakke feil! Til topps kom vi og det var litt av ei utsikt fjellet kunne presentere for to Sunnmørske klatrefantane som hadde funne vege opp!

Samtidig var det tydeleg at den annonserte (dårleg) vêrmeldinga var på veg inn så vi fekk ikkje tid til å kvile på lauvbæra. Ned før alpeværet slo inn måtte vi og så gjorde vi. Ned snø flankane og klyving over ryggtraversen. Vidare ned (den rette vegen som IKKJE hadde klatring) fjellsida og over breden til hytta. Pils. Meir gåing ned til Randa. To pils. Vel nede Hurra.

Fin tur og kan anbefalast for alle som vil få fin utsikt og lårspreng!

Mvh.
Åsmund Vaage

 

Dette innlegget vart lagt inn i Klatrarar på tur, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *