Lynghalstinden

Vinterferie, sol og 10 pluss i sentrum. Eit svært variabelt skiføre og utrygge islinjer opnar for kreative prosjekt i februarfjella. Vi satsa på vinterbestigning av Lynghalstinden.

Lynghalstinden

Ruta opp og ned

Mest vinkelrett på ryggen mellom Dalagubben og Holmshornet strekkjer det seg ei egg sørover mot Sæbø sentrum. På denne egga reiser det seg to alpine toppar. For nokre år sidan vitja eg desse flotte formasjonane på sommarstid. Minnet om den luftige klivringa og det spektakulære utsynet over Hjørundfjorden og fjella på austsida, sit framleis langt framme i pannebrasken. Dermed fekk eg ideen om å nytte det milde februarveret til å satse på ei vinterbestigning av den sørlegaste og mest markante av desse toppane – Lynghalstinden.

Feb_2008_018

Første del av toppegga.

Min faste turkompis, Åsmund Vaage, lot seg ikkje be to gonger. Tysdag morgon (12.02.08) stampa vi oss opp frå Rise og over i Skondalen, med tunge sekkar lasta med både is- og klippeklatreutstyr.

Grunna storfonna valde vi å baute oss opp ryggen på austsida av Skondalen. Deretter var det skine på sekken og stegjarna på beina opp til sjølve toppegga. Her unte vi oss ein kort rast medan vi rigga på klatreutstyret. Sola skein framleis sitt febrilske februarlys, men vinden bles kuling her.

Egga er luftig, men lettklatra. Skavldanning på austsida og sva/klippe på vestsida. Vi brukte ein dryg halvtime på dei om lag 250 meterane til toppen, og om lag det same attende. Deretter barst det nate i Skondalen via ei renne med passeleg solsmelta skaresnø. Ein variert og spennande tur i absolutt fabelaktige omgjevnader!

av Stig, Volda 14/02/08, kl 00:54

Dette innlegget vart lagt inn i Klatreruter, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *