Nye ruter i Toskefloget/Ramnevaglen

Den aldri kvilande Tore L. fekk i vinter midlar frå SKK til innkjøp av 200 boreboltar. Ein stor del av dei er allereie bora på plass i samband med nye ruter i Toskefloget / Ramnevaglen, medan fleire kjem til å finne sin plass i klippane ved Hunneset / Stomnen. Men først må sjefs-boraren kome seg til hektene etter ei mindre fallulukke med påfølgjande ribbeinsbrot i Ramnevaglen.

Her kjem eit oversyn over nye prosjekt og forlenging av eldre ruter i Ramnevaglen.

– Ruta MåneStråle (7, 7) startar no heilt nede like til høgre for ToskeSkap og er 1,5 tl før den kryssar inn i OppTur

– Ny rute (prosjekt) mellom MåneStråle og Opp som ein Hjort, manglar namn, har ikkje klart å lede (>=8-)

– Ruta HardeTak er no forlenga gjennom stortaket (7(+))

– Ny rute NøtteKnekkar (like til høgre for PåskeNøtter), (7-, 7-)), NB her må ein vere SVÆRT forsiktig på øvste rapell pga lausgods

– Ny rute WallNuts (like til høgre for NøtteKnekker), (7-), NB litt lausaktigheiter i toppen

Vi legg til at Tore og Hauk L. i mars var 2 veker i Marokko og klatra i Gorges de Todra på Saharasida av Altlasfjella. 92 tl, ruter 1-7 tl, grad fransk 5 – 7a.
Det er bra støting, og no gjeld det berre for oss andre å henge med så godt vi kan utover våren og sommaren, slik at vi er klare til klatresamlinga på Hide i Gjerdsvika (9. og 10. mai) og i Molladalen (28.-30. aug).

av Stig, Volda 16/04/09, kl 20:55

Dette innlegget vart lagt inn i Klatreruter, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *