Oppdatering «Frihetens øyeblikk!»

J Jareld og T Lundberg var på Kruttårnet i Molladalen den 19. august. Dei fullførte ruta «Frihetens øyeblikk» som i toppen går opp den utoverhengande fronten der to riss kryssar kvarandre.

kruttaarnetfrihetens

Kortversjon frå Tore:

Opp i den omvendte V-en, ut til høgre, rundt hjørnet og opp, 7- (fastsikring med lang slynge inne i kaminen no), layback i venstre riss 5m, jam i høgre riss, 7-, hylle, rett opp til bb-stand.

 

Og litt grundigare skildra:

Det er snakk om den absolutte fronten med dei kryssande rissa i JBH skissa i boka om Molladalen.
Mao like til høgre for Iriss opp til det store taket som har form som ein omvent V (og går vidare som kamin/off width-riss mot riss-krysset). Eg gjekk så langt opp her (inn i fjellet) som eg kunne, sikra, klatra så 3-4 m ut av hola (og ut i haustlufta) og runda ein kant til fronten.
Her var det mulig å sikre, men det vart masse taudrag.
Når eg kom på hylla under risskrysset og fekk sikre i det venstre risset, gjekk eg ned igjen og tok ut sikringar i fronten, slik at tauet gikk fritt i kaminen/off-width’en.
På veg ned sette eg ein kile med lang slynge i kaminen/off-width’en, så ein kan bruke denne når ein går ut av hola, rundt kanten og opp på hylla under krysset.
Siste 8-10m opp frå kryss-hylla er det berre lekkert: layback venstreriss, så jam høgre riss og opp!

T

av Helge, Volda 23/08/11, kl 07:09

 

Dette innlegget vart lagt inn i Klatreruter, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *