Sunnmøringar på Hornelen

Fredag den 13. reiste ein gjeng sunnmøringar til Bremangerlandet for å klatre på Hornelen. Ryktet hadde gått om fast sandstein og fri utsikt til Nordfjorden og Atlanterhavet. Veret var strålande og humøret på topp.

Tore

Vi landa på teltplassen i 600 meters høgde til ein fantastisk solnedgang. Laurdagsmorgonen vakna vi til skyfri himmel og jarnskrammel frå Åsmund og Steinar kl. 05.00.

Desse karane hadde vore i området før, då dei hadde gått tre av 10 taulengder i austveggen av sjølve Hornelen. No ville dei gå til toppen og rappelere ned til der dei hadde avslutta sist – dvs. ca. 180 meter ned i den 280 meter høge veggen. (Framhald frå denne soga seinare).

Vi andre, dvs. Tore, Reidun, Eirik og Stig, gjekk for ein 150-metersvegg på nordsida av Hornelen. Etter 2 mosegrodde og 2 flotte taulengder, grad 5-6, hamna vi på ein fortopp. Deretter gjekk turen til toppen av sjølve Hornelen.

Derifrå kunne vi sjå 2 prikkar som framleis var langt nede i superveggen. Dei arbeidde hardt med teknisk klatring og ropte at dei satsa på overnatting i veggen om dei ikkje nådde opp før mørkret kom.

Vi andre var iallfall samde om at det har vore ei gild korthelg på Bremangerlandet, og reiste heim. Søndag kveld toppa også Åsmund og Steinar ut – etter eitt og eit halvt døgn i veggen med hovudsakleg teknisk klatring – grad A2+ og noko friklatring – grad 6. Området kan enno byde på mange, til dels fine, ruter.

Skisse

av Stig, Volda 15/08/04, kl 01:21

 

 

Dette innlegget vart lagt inn i Klatrarar på tur, Klatreruter med merkelappane , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

2 svar til Sunnmøringar på Hornelen

  1. Kristian seier:

    Hei, eg lurer på om det finnast noko oversikt over klatrerutene på Hornelen?

    • Jeanett Nekkøy seier:

      Me har ikkje noko oversikt over det, anna enn det som ligg på sida vår. Du kan prøve å ta kontakt med Florø Klatreklubb. Dette blir meir i deira område, så dei har nok meir informasjon til deg. 🙂 Lenkje til Florø Klatreklubb

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *