Urafloget

Hoi!

I Norangdalen omlag midt mellom Fivelstadhaugen og Skylstad, skjer det spanande klatregreier. Ein stor, overhengande, breskura hammar på austsida av dalen, teiknar til å ver(t)e ein destinasjon.

Hammaren (arbeidstittelen er «Urafloget») er 250m lang og 125m høg, skråande oppover mot høgre. Så langt er det laga ruter i den lyse, nedre, venstre del og den lyse, øvre, høgre del. Mykje er laga på arbeidstau som Kjetil Leknes og Kristian Sørensen la opp frå toppen av nedre, venstre del i ’12. Ein god del er laga i «trad-stil» nedanfrå med maskin heisa opp frå forrige bolt vha fifi-krok – hengande (og ramlande) frå sky-hooks ol.

vulva

Vulva

Når ein går frå vegen, kjem ein til nedre, venstre del etter 5 min. Kyr og sauder har brukt denne delen til vern mot regn i lang tid – ingen problem med å finne fram. Ein går seg rett på ruta «Vulva» som ein ser på biletet av meg og Oskar M teke av Iver G i oktober ’12. På biletet ser ein ein pinakkel/stein der ruta «No Country for old men» startar.

Men for å ta det heile frå venstre mot høgre :

50m tv for «No Country for old men» :

’57», 2tl, bb, 7, 7 (laga den dagen eg vart 57)

«God årgang», 2 tl, mix, 7-, 7

«Tommivariant», 15m, bb, 7(-), frå 2. bb forrige skrått opp til snufeste 1.tl neste

«Innsida» (stjerne-dieder) 25 m, nat, 6+

«Opp» (frå toppen av forrige), 25m, bb, 7

«Utsida», 25m, bb, 6

«No Country for old men», 30m, bb, 6

«There will be blood», 2 tl, bb, 7(-), 7

«Kinnaspelet», 2 tl, bb, 7-, 7

«Palmehaven», 25m, bb, 7

«Slapt dieder», 25mm, bb, 7(+)

«Skrå», 25m, bb, 7-

«Bratt», 25m, bb, 8-

«Vulva», 25m, bb, 7

«Flaket», 20m, bb, 7(-), tydeleg flak; referanspunkt

«Vårkåt», 25m, bb, 8?

«Kristianruta», 2tl, bb, 7-, ?

«Kjetilruta», 15m, bb, 6-

«Andersruta», 15m, bb, 6

«Zikk-Zakk», 7 tl, bb & nat, 6+, 7(-), 5+, 6, 7(+), 6, 7+? (må pussast)

Om ein går vel 100m oppover th, kjem ein til øvre, høgre del med tydel pillar:

«Kanten», 25m, bb, 7

«Vanleg veg», 2tl, bb, 6, 7

«Gullkorn», 2tl, bb, 7-, 7+

«Jomfrudom», 15m, 6

Det vil kome fleire, lettare ruter i denne delen fram mot sommaren.

Ein miniførar for felt i Volda og Ørsta er klar til ’15.

Vårkåt

Vårkåt : Olav Tangen Standal

zikkzakk

ZikkZakk : Olav Tangen Standal

Dette innlegget vart lagt inn i Klatreruter med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *