Uteruter

Eg har laga ca 100tl med sport og mixruter i området vårt siste 10 åra.

No er det nok for ei rid; eg legg ned drillen!

Nærmast er Ramnevaglen / Toskefloget på sjøsida av Rotsethornet; 10min å gå frå Grefsneset eller Andaneset. Her er no ca 25 ruter og 50 tl grad 6 til 8. Feltet er overhengande (regntrygt), gjev vedvarande klatring på positive tak. Har ufortjent rykte for å vere laust og farleg. Petter W emnar på førar for dette og fleire felt i nærmuna.

Vidare innover har vi venstredelen av Nye Øvre med 4 ruter og 10 tl grad 6 til 7. Er litt grodd – vent ein dag etter regn og klatre etter lønsj.

På Hunneset har vi Bokkhylla over og nordom Stomnen. 7 ruter og 10 tl grad 7- til 7+. Gå under låvebrua og rett mot fjorden der vegen endar. På brinken mot fjorden gå th 50m til høgste nasen; her er 2 rapell stadar.

Urafloget i  Norangdalen er omtala i eige innlegg.

I tillegg til dette har eg i same perioden laga 6 tradruter i Molladalen, trad- og sportruter i Eresfjord og seinast ei trad / mixrute i Romsdal.

Så – ut og klatre!

Gråveggen, Eresfjord

Gråveggen, Eresfjord

Klauva, Isfjorden

Klauva, Isfjorden

Dette innlegget vart lagt inn i Klatreruter. Bokmerk fastlenkja.

Eitt svar til Uteruter

  1. Lars Otto Lofthus Ose seier:

    Synd at toskefloget har rykte på seg som laust og farleg. Det kan nok oppfattast slik når klatringa er bratt, vedvarande og teknisk vanskeleg. Det er ein dyrare inngangsbillett til toskefloget enn dei fleste andre felta rundt om.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *