Vinterkliv på Skårkongen

Sommaren 1933 gjorde Helge Hagen to åtak på fjellnåla Skårkongen, som ligg på den lange og kvasse eggja som fører opp til Skårasalen frå syd. Første gongen hadde han med seg Eirik Heen, men då bomma dei og kleiv nabonåla Jeksla.

Tre veker etterpå kom Hagen attende med Magne Flem på laget. No fann dei fram, og kunne som førstebestigarar setje varde på den siste ubestigne og vanskelegaste fjellnåla i Skårtindane. Laurdag 7. november ville vi freiste å bli dei første til å klive Skårkongen under vintarlege tilhøve.

Vinterkliv skårkongen

 

Etter ein særs våt september-månad, skein det endeleg av i oktober, med mykje flott skisnø i høgfjellet. November forvandla puddersnøen til skaresnø etter mildver med påfølgjande blågrader. Av slikt blir det ideelle tilhøve for stegjarn- og isøks-turar, gjerne toppa med pinakkel-klatring.

Vi starta frå Kvistadsetra kl. 9, i tindrande sol og eit par-tre minusgrader. Anmarsjen opp til Skårtindane er på dryge 900 bratte høgdemeter. Men med stegjarn på skaresnø gjekk det greitt på eit par timar. Etter ei kjapp rekognisering i skaret, eit par brødblingsar og racking av utstyr, var vi klare for sjølve klatringa. Det var tørt og reint fjell på ruta, med unntak av nokre snøflekkar og litt is.

Vi satsa på fribestigning med vanlege fjellsko og hanskar. Det gjekk greitt heilt til cruxet, der vi måtte av med hanskane. Etter 30 meter med fin femmar-klatring, stod vi på toppen av denne flotte tindenåla kl. 12. Deretter ein kjapp og grei rappell nedatt i skaret og stegjarnsretur ned til Kvistadsetra. Karane meinte dei no fortente noko å leske seg på, og køyrde dermed til Rokken.

C11

Stig Helset, Åsmund Vaage, 7. november 2009

 

av Stig, Volda 10/11/09, kl 19:34

Dette innlegget vart lagt inn i Klatreruter, Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *