Kurs

Alle har lov å klatre i Klatrehallen, men berre dei med brattkort eller topptaukort har lov til å sikre. Det er høve til å øve seg på å sikre i opningstida når det er vakter til stades.

Vi har fleire dyktige instruktørar tilgjengeleg som kan halde grunnkurs inne, oppfriskingskurs, topptaukortkurs eller brattkortprøve (for dei som har kompetansen i orden men manglar brattkortet).

Brattkortet kan samanliknast med eit førarkort, berre at det gjeld for klatring. Når ein har klart brattkortprøva, så har ein bevist at ein har tilstrekkeleg erfaring når det gjeld tryggleik, sikring og klatring slik at ein trygt kan vere i klatrehallen på eiga hand.

Brattkortet er også gyldig i alle klatrehallar i landet.

Sjekk ut Norges Klatreforbund sine sider om brattkort for meir informasjon.

 

nyebrattkortet

 

Kurstilbod

KursVarigheitInnhaldPris
Grunnkurs inne.12 timarlære å klatre innandørs på topptau og led, sikring på topptau og led, enkel klatreteknikk, tryggleik, øving på det ein må kunne for å bestå Brattkortprøva1200kr
Oppfriskingskurs brattkort.6 timarFørebuing til brattkortprøva ved gjennomgang av korrekte sikringsmetodar, krav til sikker klatring og opptreden i ein innevegg.600kr
Brattkortprøva.2 timarKun testen ein må gjennom for å få Brattkortet.200kr
Topptaukortkurs.5 timarOpplæring i tryggleik og det ein må kunne for å vere ein god sikrar på topptau.500kr

 

Grunnkurs inne

På eit grunnkurs inne får du lære alt det du grunnleggjande du treng å kunne for å bli ein trygg sikrar for klatrekompisane dine. Du får mellom anna lære å sikre både på topptau og led, samt du lærer å stoppe fall  på ein korrekt og trygg måte.

Du får også lære enkel klatreteknikk og klatrting både på topptau og led.

Når kurset er fullført skal du ha lært alt du treng for å gå opp til brattkortprøva slik at du får brattkort.

 

Oppfriskingskurs Brattkort

Dette er kurset for dei som kanskje ikkje har klatra på ei stund, og som kjenner dei treng ei oppfrisking. Her går vi berre lett igjennom punkta ein må kunne for å bestå brattkortprøva.

 

Topptaukortkurs

På eit topptaukort-kurs får du lære å bli ein trygg sikrar på topptau. Dette kortet er retta mot foreldre som har ynskje om å sikre borna sine.

 

Brattkortprøva

Dette er kun prøva ein må gjennom for å få brattkortet. Her vert det ikkje gitt inngåande opplæring, så ferdigheitene må allereie vere på plass skal ein bestå testen.
Minner om at denne testen fyl metodesettet til Norges Klatreforbund, og at det er desse metodane som skal nyttast for å bestå prøva.