Medlemskap

Ny løysing for registrering og betaling av medlemskap

Frå og med hausten 2014 gjekk vi over til ny løysing for medlemskap, både når det gjeld registrering, betaling og periode medlemskapet er gyldig.

Heilårsmedlemskapa fyl no kalenderåret (januar – desember) og fyl ikkje lengre skuleåret slik det har vore tidlegare. Halvårsmedlemskapa er gjeldande henhaldsvis frå 01.01-30.06 og 01.07-31.12, dei gjeld altså ikkje i eit halvt år frå kjøpedato.

Vi nyttar no løysinga til Min Idrett for registrering og betaling av medlemskap. Det betyr at du må inn på Min Idrett for å registrere deg i Sunnmørsk Klatreklubb. Du må også betale medlemskapet gjennom denne løysinga.

Når du har betalt medlemskapet, kan du skrive ut medlemskortet ditt frå Min idrett (under menypunktet «Medlemskap») – ta det med i klatresiloen slik at vaktene kan ordne med laminering og gjere kortet klart til å henge på selen.

Medlemskort og gjerne også brattkort (om du har det) skal til ei kvar tid henge synleg på selen slik at det er lett å kontrollere at folk har betalt medlemsavgifta for gjeldande periode, samt har løyve til å sikre.

Medlemskap i Sunnmørsk Klatreklubb er inkludert når ein kjøper medlemskap i Klatrehallen i Ørsta.

Medlemskap i klatrehallen i Ørsta.

Type medlemsskapPeriodePris inkl. SKK medlemskap.Registrering og betaling
SKK medlemskapJanuar - desember200krMin Idrett
Vaksne, heilår (fra 18 år)Januar - desember2900krMin Idrett
Vaksne, halvår.Januar - juni / Juli - desember1750krMin Idrett
Familie, heilår.Januar - desember5500krMin Idrett
Familie, halvår.Januar- juni / juli-desember3300krMin Idrett
Born, heilår.Januar - desember1500krMin Idrett
Born, halvår.Januar- juni / juli-desember900krMin Idrett
Drop in.100krMin Idrett
Drop in born.80krMin Idrett
Utstyrsleige30krMin Idrett