Informajon til medlemmane om Min Idrett

Ny løysing for medlemsadministrasjon

Sunnmørsk Klatreklubb tok i bruk Norges Idrettsforbund si nye løysing for medlemsadministrasjon f.o.m. 25.08.14. Vi gir her ei kort beskriving av kva dette betyr for deg som medlem og/eller føresett.

Den nye løysinga inneber at medlemmar skal bruke Min idrett – www.minidrett.no.
Innloggingsboks til Min Idrett er også lagt ut på klubben si heimeside.

Gjennom Min idrett kan du som medlem administrere alle medlemskap i norsk idrett (innmeldingar og utmeldingar), sjå informasjonen som er registrert om deg, samt kunne oppdatere registrert informasjon.

Du må lage deg ny brukar før du kan byrje å bruke Min idrett. Dette gjer du enkelt på www.minidrett.no. Dersom du skal kjøpe familiemedlemskap, må alle medlemmane registrerast som familie i Min idrett slik at alle får medlemskort.

Etter å ha oppretta brukar må du søkje om å bli medlem i Sunnmørsk Klatreklubb (sjå brukarveiledning). Deretter må du velgje kva type medlemskap du skal ha. Det gjer du frå «Medlemskap» i Min Idrett. Klikk på «Sunnmørsk Klatreklubb», og deretter «Detaljar» i boksen til venstre. Vel medlemskapet du vil ha i nedtrekkslista. Sjå brukarveiledning for bilete av korleis det ser ut.

Kort oppsummert:

  1. Gå til nettside minidrett.no
  2. Opprett brukar
  3. Søk etter Sunnmørsk klatreklubb
  4. Trykk på >Sunnmørsk klatreklubb< som dukker opp i søket
  5. Velg >detaljer<
  6. Velg gren >klatring<
  7. Velg type medlemsskap
  8. Send søknad
  9. Søknad blir behandlet og du vil etter maks ei veke motta faktura på minidrett.no
  10. Betal denne og skriv ut medlemskort som du har med i siloen.

Her finn du ulike brukarveiledningar:

Betaling av medlemskap føregår no i idretten si løysing for online betaling. Når medlemskapet ditt i Sunnmørsk Klatreklubb er blitt godkjent (kan ta inntil ei veke), vil du få betalingsvarsel på e-post om at du kan logge inn i Min idrett for å betale medlemskapet ditt med bankkort.