Olaselet

Foto: Sigrid Thane

I Sunnmørsk Klatreklubb har vi ei hytte som ligg opp i dalen på Ytre
Standal. Olaselet ligg idyllisk til med høge dramatiske tindar på båe sider
av dalen. Klubbhytta er open for alle medlemmar av SKK og er for tida
gratis å bruke. 
Dette er eit tilbod vi oppmodar alle våre medlemmar til å ta i bruk!


Fasilitetar
Hytta har installert kjøkken (gassbluss), vedomn, stove med benkar for
overnatting og utedo. Det er ikkje innlagt vatn eller straum, men
hytteopplevinga er av tre-stjerners kvalitet. Det er god plass til fire
personar på hytta. Er det fleire som skal overnatte, bør ein ha med
liggeunderlag.

Klatring
Hytta er eit fint utgangspunkt for klatring. Rutene på Slingsbys topp,
Holtanna og Mohns topp er tilgjengelege frå hytta. For dei to fyrste er
Olaselet eit like godt utgangspunkt som Barstadvika. Vegen rundt
Holtanna og bort til Mohns topp er litt meir krevjande. Eit tips er å klatre
Holtanna først og deretter klatre ei rute på Mohns topp som dessert. Det
tar ca. 2-3 timar å gå frå hytta og opp til innsteget til dei fleste rutene i
Molladalen.
Fram i dalen mot Litlekoppvatnet er det mange store steinar som egnar
seg godt til buldring. Ein del bulder har blitt etablert, men her er fortsatt
mange uoppdaga linjer. Det er ikkje pad på hytta, så det må ein ta med
seg sjølv.

Ski
Vinterstid kan ein finne spennande vinterklatring kring hytta.
Romedalstinden, Storkopptindane og Svinetinden kan by på fleire
interessante ryggtraversar. Slingsbys topp, Holtanna, Langnestinden og
Høgenipa kan vere andre alternativ ved gode forhold.
Skikøyringa rundt Olaselet er også veldig bra. Klassikarane er
Svinetinden og Grønetinden, men her er også mange renner og større
tindar. Kolåstinden, Romedalstinden og Molladalstindane er alle
tilgjengeleg for ein ivrig skilaupar.

Korleis låne hytta?
For utlån av hytta må du anten besøke oss i Klatrehallen i Ørsta på våre
faste åpningstider eller kontakte Sondre Pedersen (tlf: 41675464).
Nøkkelen må hentas/leveras i Ørstahallen.

Korleis du kjem deg dit
Køyr over Standaleidet og ned til Store-Standal og utover Hjørundfjorden
til Ytre-Standal. Ta av etter brua opp til venstre om du kjem frå Ørsta.
Kjem du andre vegen køyrer du ut til Festøya og fortset vidare inn
Hjørundfjorden på hovudvegen til du kjem til Ytre-Standal. Her tek du av
opp til høgre før brua og køyrer opp grusvegen gjennom eit gardstun der
du betaler bompengar (20kr) for å kome deg til parkeringsplassen. Det er
a. 1,5 km frå parkeringsplassen og opp til hytta på fin sti.
Feil/manglar på hytta
Kontakt Sondre Pedersen. Tlf: 41675464.
God tur!

Ymse bilder av og kring Olaselet: 

Foto: Erlend Indrearne
Foto: Sigrid Thane
Foto: Sigrid Thane