Bladet

bladet1

Bladet har også vore kalla Sverdet og Kålbladet.

Du finn Bladet lettast ved å gå opp frå Molladalen gjennom Mohnsrenna, vel ein time frå teltplassen. Om våren går ein del opp frå Årsneset på ski til Bladet og Randers Topp gjennom Ytstenesdalen eller Inste Årsnesdalen.

Etter det som er kjent var Adolf Ljaaen og Reiulf Hagen først på toppen sommaren 1929.

No til dags sit fleire hundre og skrevar på tuppen av den smale steinskiva kvar einaste sommar, – ein om gongen.

Lett klatring frå søraustsida av Bladet, 10-15 m. Gode tak, greit å sikre med slynger eller kilar. Siste opptaket kan reknast som grad 4.

Nedturen vert ofte ordna ved at den som sikrar firer klatraren ned på nordsida av steinskiva.

CRW_3557bladetlite

 

Last ned førar i PDF-format.