Frihetens øyeblikk

 

kruttaarnetfrihetens

I pinsa 2009 klatra Audun, Hauk og Tore ei ny rute på Kruttårnet i Molladalen. Den heiter «Frihetens øyeblikk». Sjå raud strek på biletet.

Utstyr som er lurt å ha med: 1 camalot nr 4, 3 nr 1 og 2, elles 2 av kvar.

Starten er 3-4 m til høgre for fronten på Kruttårnet.

1. taulengde: Jammeriss (det hø.gre av 2 riss, 6+), til høgre på hylle (smålaust), opp og til høgre over gul/oransj flekk, stand på blokk.

2. taulengde: Rett opp superdieder med lite overheng i toppen (6+), høgresteg rundt hjørne, opp off width riss (7-), til høgre 5m under toppen og ned skrått sva til grashylle .

3. taulengde: Opp laybackdieder (6), opp tynt riss i vegg til venstre (7-), høgresteg mot rapellblokka, rett opp tynt, seinare jammeriss (7-), stand på hylle (vi brukte Iriss-stand)

4. taulengde: Opp og inn i toppkamin, bruk høgste av 3 mulige utgangar til høgre (her tok kreftene slutt etter eg hadde prøvt dei andre høgreutgangane, men det ser greitt ut til hylle under toppriss som er klatra før av ??, 7?)

Audun, Hauk og Tore 30.5. 2009.

Oppdatering frihetens øyeblikk 19.08.11

J Jareld og T Lundberg var på Kruttårnet i Molladalen den 19. august. Dei fullførte ruta «Frihetens øyeblikk» som i toppen går opp den utoverhengande fronten der to riss kryssar kvarandre.

Kortversjon frå Tore: Opp i den omvendte V-en, ut til høgre, rundt hjørnet og opp, 7- (fastsikring med lang slynge inne i kaminen no), layback i venstre riss 5m, jam i høgre riss, 7-, hylle, rett opp til bb-stand.

Og litt grundigare skildra: Det er snakk om den absolutte fronten med dei kryssande rissa i JBH skissa i boka om Molladalen. Mao like til høgre for Iriss opp til det store taket som har form som ein omvent V (og går vidare som kamin/off width-riss mot riss-krysset). Eg gjekk så langt opp her (inn i fjellet) som eg kunne, sikra, klatra så 3-4 m ut av hola (og ut i haustlufta) og runda ein kant til fronten. Her var det mulig å sikre, men det vart masse taudrag.

Når eg kom på hylla under risskrysset og fekk sikre i det venstre risset, gjekk eg ned igjen og tok ut sikringar i fronten, slik at tauet gikk fritt i kaminen/off-width’en.
På veg ned sette eg ein kile med lang slynge i kaminen/off-width’en, så ein kan bruke denne når ein går ut av hola, rundt kanten og opp på hylla under krysset.
Siste 8-10m opp frå kryss-hylla er det berre lekkert: layback venstreriss, så jam høgre riss og opp!

Last ned førar i PDF-format.