Kruttårnet

kruttaarnet

Kruttårnet, sørveggen

 Katarsiss

Diederruta på Kruttårnet. Fast fjell. Gul strek. Klatra stykkevis og delt av Helge Standal og Kjetil Solbakken i 1987 og 1989. 2. taulengde vart leda i god stil av Frode Guldal m fl. tidleg på 90-talet. Topptaulengda vart fullført 29. juni 2003 av Åsmund Vaage og Øyvind Festø.

1. taulengda har rissklatring grad 6.

2. taulengde opp det mest markerte diederet til første fortopp. Grad 7-.

3. taulengde lett bort til vegg nummer to, og bratt opp tydeleg dieder. Grad 6. Originalruta svingar på vestsida av egga, men du kan også skråe rett mot høgre og toppdiederet langs Iriss.

4. Topptaulengda går opp diederformasjonar med eit breidt riss i toppen. Grad 7-.

 

Iriss

Første ruta på Kruttårnet. Den går opp to tydelege s-forma riss i 2. og 3. taulengde. Kvit strek. Klatra i 1986 av Tore Lundberg  og Helge Standal.

Siste taulengda er skjult på bildet. Den går rett opp eit naturleg dieder mot toppen.

Retur:

3 faste rapellfester i sørsida av fjellet.

 

Last ned førar i PDF-format.