Mohns sørvegg

mohnssorvegg

Sofaruta

Standplassane og utsikta er det som gjer ruta flott. Klatring 120 -130 m, grad 4+.  To ulike startpunkt er mulige,

  • Starten frå venstre er lettast. To punkt grad 4 før du kjem opp i «søkket»
  • Starten til høgre går opp frå ei tydeleg hylle med sikt mot fjorden. Fast og fin klatring, kanskje grad 5- på eit par opptak før du kjem opp mot «søkket».
  • Frå «søkket» skrått opp mot høgre, og du ser over kanten på ei stor hylle med ein sofa. Friendsprekke bak sofaen. Standplass.
  • Neste taulengd startar skrått 3 m ned retning Hjørundfjorden. Så rett opp ein 4+ passasje. Vidare lett terreng, grad 3 i fronten av fjellet til fortoppen. (Vanskeleg å kommunisere ned til sofaen frå fortoppen).
  • Siste taulengde bort ei kort egg og opp eit breidt riss i toppveggen til høgste punkt på Mohns Topp.

Utstyr: Eit 50-meters tau er nok til at du når opp til sofaen i første taulengde. Eit vanleg kileknippe og nokre slynger, kanskje friend nr 1,5.

Retur: Nordegga grad 2, så ned Mohnsrenna (om du ikkje stikk bortom Bladet først?)

Last ned førar i PDF-format.