2 damer, 20 menn og 1000 riss

Molladalssamlinga vart avvikla med høg solfaktor om dagen og høg rølefaktor om natta.

Molladalssamlinga vart avvikla med høg solfaktor om dagen og høg rølefaktor om natta.

Her vert det gjort klart for det viktigaste, nattstropl!

Her vert det gjort klart for det viktigaste, nattstropl!

I høgste grad ei svært vellykka samling. Veret var på alle si side heilt til klokka 17.00 på søndagen, då kom ein liten dusj. Ein time etterpå braka det laust med torever. Då var dei fleste ferdige med toppcruxa.

Utan at vi har full rapport frå alle som kom seint ned søndagskvelden, listar vi her ruter som vart gjort (meir eller mindre):

  • Sørvestegga, Jønshorn. Fleire lag.
  • Raudetårnet
  • Snickers?
  • Omsnudde trappa, Molladalstårnet
  • Smørballa, Molladalstårnet
  • Randersnatten
  • Sofaruta, Mohns Topp
  • Austsida Mohns Topp mot Kanonløpet
  • Søregga, Holtanna
  • Bladet
  • Katarsiss, Kruttårnet. (Off width i toppen klatra av Åsmund Våge og Øyvind Festø)
Katarsiss topp

Katarsiss topp

Laurdagen var ein blenkjar, – ikkje ei sky å sjå. Dei fleste låg under åpen himmel og slengde frå seg soveposane ute før søndagsturen. Mykje var svært vått ved retur seint søndag.

Vi tek med at søndag skada ein klatrar låret sitt då rapelltauet løyste ut ein stein. Dette skjedde på veg frå søregga på Holtanna ned til innsteget til Holtannspinakkelen (Tannpirkaren). Steinen losna då han pendla litt til sides. Klatraren jumarerte opp igjen, og kom seg til topps på Holtanna, rapellerte ned via holet, og returnerte til Børresteinen i Molladalen. Derifrå fann dei det best å skaffe lufttransport vidare. Det står bra til dagen derpå.

Utsikt frå toppen av Holtanna mot Slingsbys Topp

Utsikt frå toppen av Holtanna mot Slingsbys Topp

Holtannspinakkelen (Tannpirkaren) sett frå søregga på Holtanna.

Holtannspinakkelen (Tannpirkaren) sett frå søregga på Holtanna.

 

av Helge, Volda 30/06/03, kl 08:08

 

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *