30-års-jubileum

30-års-jubileet til SKK vart feira på Hotell Sagafjord laurdag 16. oktober. Lysbileteframsyning, jubileumsmiddag og dans stod på programmet.

cecilie_og_everest

Når styret planla festen, vart det framsett eit ynskje om å synleggjere klubben for ålmenta i større grad enn kva som har vore vanleg ved tidlegare tilstellingar. Derfor la vi festen til hotellet på vestsida av Hjørundfjorden denne gongen. Det vart rykt inn annonse og skrive pressemelding til lokalpressa i forkant av tilstellinga, og Møre-Nytt laga også ein reportasje i ettertid.

Det var den jordnære Everest-klatraren Cecilie Skog som stod for lysbileteframsyninga. Ho fortalde om ekspedisjonen på ein slik måte at ho engasjerte tilhøyrarane – også dei som ikkje har klatra så mykje sjølve. På dette viset må ein tru at vi nådde litt utanfor vår eigen vesle krins av gamleklatrarar.
Om det fører til auka rekruttering, gjenstår å sjå.

Etter lysbileteframsyninga var det duka for festmiddag. Her gjekk praten livleg føre seg om gamle og nye bragder i fjellet, før Stig Endre Moe heldt ein flott jubileumstale.

Som avrunding fekk ein svinge av seg iallfall noko av ekstravekta til tonar frå Baarelaget, men her kunne ein ha teke hardare i.

av Stig, Volda 26/10/04, kl 23:48

 

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *