Isklatresamlinga «Damp og drift»

18. – 20.februar vart den tradisjonsrike isklatresamlinga «Damp og drift» avholdt på Oppdal.

Denne samlinga har tradisjonar tilbake til slutten av 70-talet og var i år revitalisert med 44 deltakarar på middagen laurdag kveld.

Leif Strand var den einaste representanten frå SKK. Som prekvalifisering til middagen klatra LS og 5 andre Kongsvollfossen (5 taulengder WI4).
Under middagen vart det vist ljosbilete frå gamle dagar og det vart utdelt utmerkelsar, som t.d. vist på biletet «Kikken».
På veg heimatt søndag klatra LS og mangeårig is-makker Steinar ruta «Orwell» (1 taulengd WI5).

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *