Klatresamling på Hide

Det blir klatresamling nesten i havgapet helga 9. og 10. mai, nærmare bestemt i klippane på Hide i Gjerdsvika. Feltet ligg idyllisk til berre få minutts gange frå riksvegen og har eit rikt utval av ruter med alt frå firar-klatring til sjuar-klatring. Med Eiksundsambandet vel på plass burde det vere duka for ei skikkeleg samling av vårkåte klatrarar i alle aldrar og av båe kjønn. Det er elles fine teltplassar like nedanfor feltet.

Mai_2007_127

Styret stiller med representantar båe dagar så sant veret er nokolunde. Kontaktperson er Kåre Myrene (tlf. 93264266). Dersom det blir uver, vil vi flytte samlinga til eit seinare tidspunkt i mai/juni. Følg med her på veven i dagane før samlinga for oppdatert informasjon.

av Stig, Volda 16/04/09, kl 22:29

 

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *