Samling i havgapet

Den siste helga i mai var det tid for klatresamling i havgapet, nærmare bestemt i Mulevika på Nerlandsøya.

Klatring i Mulevika

På biletet ser vi Reidun og Kåre M. i fint driv. Foto: Svein Aam

Klubben hadde full klaff med veret når ein skipa til klatresamling i desse naturskjønne og spektakulære omgjevnadene, med storhavet som nærmaste blikkfang. Temperaturar på kring 15 grader, lett overskya og lite vind må seiast å vere nær perfekte tilhøve for klatring.

På laurdagen samla det seg etter kvart så mykje som 15 klatrarar, inkludert 4 born. Utetter dagen vart dei fleste av rutene i feltet som ligg søraust for sjølve Mulevika klatra.

Dette feltet vart, som dei fleste andre felta på Ytre Søre Sunnmøre, etablert i siste halvdel av 1990-talet, med Tommy Skeide som primus motor. Dei fleste av rutene er sikra med boreboltar. Graderingane varierer frå 4+ til 7+, lengdene frå 10 til 20 m. Fjellet er fast og fint og byd på mykje artig klatring.

Nokre av klatrarane valde å overnatte i telt ved den kritkvite sanden i sjølve Mulevika, for så å klatre meir dagen etter.

av Stig, Volda 29/05/06, kl 20:53

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com med merkelappane , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *