Kurs – Trener 1 – 31.08-03.09

31.08-03.09 arrangerast kurset trener 1 i klatrehallen i Ørsta! Kurset er gratis.

Dette kurset er for deg som ynskjer å verte ein god klatreleder. Ein lærer å utvikle utøvarane sine ferdigheiter, samtidig som ein ivaretek eit trygt og godt læremiljø. Sjå link lenger nede for meir informasjon om kva kurset tilbyr.

Tidspunkt for kurs er mandag 31.08 til og med torsdag 03.09 klokka 17.00-22.00. Det er plass til 6 deltakarar. Kurshaldar er Philip Toney, klubbutviklar i Norges Klatreforbund. Kurset er eit tilbod frå klubben, som NKF betalar, det vil seie kurset er gratis å delta på.

Obs! Det vert forventa at deltakarar med godkjent kurs bidreg som trenar for ungdomsgruppa/gruppene i SKK.

Krav til kursdeltakarar:

Ein må vere godkjent som klatreleiar inne.

Ein må vere minimum 16 år ved kursstart. Deltakarar mellom 16-18 år vil ha eit begrensa arbeidsområde.

Ein må ha minimum 1 års erfaring med klatring og sikring på led inne eller ute.

Ein må lede minimum grad 5.

Det vert teoriprøve iløpet av kurset, ein må derfor sette seg godt inn i artiklar og pensum.

Sjå link for meir info om kurset: https://klatring.no/trener-1

Er du interessert? Påmelding sendast på mail til kontakt@sunnmorsk-klatreklubb.no. Påmeldingsfrist: 20.08.20

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Klatrehallen opnar for medlemmar 03.august!

Då er endeleg ein lang månad med sommarstenging av klatrehallen over!

Klatrehallen opnar igjen 03.august! Hallen vil vere open for medlemmar av SKK som har brattkort, har betalt treningsavgift, og har nøkkelkort.

På grunn av gjeldande retningslinjer i henhold til smittevern, kan vi ikkje opne for drop-in klatring enno. Vi fyl med på eventuelle endringar som kjem, og vil halde dykk oppdatert fortløpande.

Vi må også fortsette å oppretthalde dei samme smittevernsrutinene som rett før sommarstenginga. Her må vi be medlemmane om hjelp, alle må ta ansvar for at gjeldande smittevernsregler vert fulgt. Hald avstand, ikkje møt opp dersom ein er sjuk, utfør handhygiene!

Vi kan maks vere 20 personar i hallen i gongen, og når ein kjem, skal ein sjølv telje over dei som er der frå før og sjekke at ein framleis vil vere mindre enn 20 når ein går inn i hallen. Blir ein for mange totalt, pliktar ein å vente ute til det vert ledig plass.

Vi har lagt ut ei vaskeliste for klatrehallen. For å kunne halde opent må alle hjelpe til med å utføre følgande daglege oppgåver:

  • Tømme søppel 1 gong dagleg: legg søppelpose gjenknytt utanfor inngangsdøra til klatrehallen.
  • Gå over alle kontaktflater med antibac
    • Dørhandtak
    • Pennar
    • Gelender på trappa opp til Sparebank1 platået
    • Tørke over tjukkas i buldrehola.

Signer for utført vask på avkrysningslista nedanfor, dette er for at vi skal ha kontroll på at vask faktisk er utført.

Legger ved informasjon om gjeldande smittevernsreglar i hallen, vil oppfordre alle sammen til å oppdatere seg på desse før de kjem til hallen.

Vi gler oss til å sjå dykk igjen! Fortsatt god sommar !

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Årsmøte SKK 2020

Årsmøte for SKK vart heldt på Berte Kanutte-bygget ved Høgskulen i Volda onsdag 10.06.2020 kl. 1900. 21 medlemmar var til stades.

Etter ynskje frå fleire om å etablere fleire lettare klatreruter, vart det vedtatt å handle inn fleire klatretak i samsvar med budsjett. Dette er eit tiltak for å gjer det enklare for nye medlemmar å føle mestring, og bli enda meir glad i sporten. Vi diskuterte medlemskontingent og budsjett med meir.

Referat frå årsmøte med fleire detaljar frå årsmøtet ligg vedlagt som pdf.

Vi heldt også val av styreleiar, nestleiar og 4 styremedlemmar. Styremedlemmar Erlend Indrearne og Fred Ingar Somby fortsett i sine verv.

Valresultatet vart som følger:

Leiar – Daniel Garden

Nestleiar – Veronika Pilskog

Styremedlemmar

Sindre Dimmen (gjenvalg)

Ajla Deric

Ida Eriksen

Halfdan Strømgren

Vara: Raymond Welle

Påtroppande styre vil gjerne takke styremedlemmane som går av for den flotte jobben dei har gjort! Det vert sett stor pris på.

Vi ynskjer alle ein god og frisk sommar!

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Blåfjell – oppdatering

Blåfjell / Hide. F T Skeide

Lang har fått 2.tl gjennom overhenget.
Varm november har fått snufeste i toppen.
Postmannen er pt demontert i starten pga farlege fjell.
Hi sidå er ny rute heilt bortmed tunnelen bak storeflaket.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel

Games climbers play

Det har vore mange forsøk på fange klatringa sitt vesen og karakter med ord, men dei fleste vert ganske kleine. Om klatring på ulike arenaer, ulike former for klatring og tilhøyrande verdiar, er det skrive ein del forstandig. Så pass mykje at vi no har eit rimeleg godt tak på 3 sider ved klatring: arena, stil og etikk. Den vi kan takke mest for denne avklaringa, er Lito Tejada Flores med sin artikkel ‘Games climbers play’ i Ascent ‘67. Den er no på trykk i R&I.

https://rockandice.com/features/games-climbers-play-ascent/

Diskusjon om stil. Frå boka ‘Games climbers play’, K Wilson ‘78, teikning S Anderson

Her er ein liten teaser:

Within our new framework we can now clear up certain misconceptions about climbing ethics. Ethical climbing merely means respecting the set of rules of the climbing-game that one is playing. Conversely, unethical climbing occurs when a climber attempts to use a set of rules appropriate to a game higher up on the scale than the one he is actually playing (i.e., a less restrictive set of rules). Applying this idea to the bolt controversy that has animated ethical discussions among climbers for the last several years, we can see that there is nothing unethical about bolts per se; it is merely that their use is prohibited by the rules of certain climbing- games and not by others. In certain games the question becomes meaningless for, as Bonatti points out, on a major mixed face no amount of bolts can guarantee success, whereas an excessive number will ensure defeat through lack of time.

Lagt inn i Ymse | Legg att eit innspel