Invitasjon til årsmøte 2016

Til medlemmane i Sunnmørsk Klatreklubb

 

Innkalling til årsmøte i Sunnmørsk Klatreklubb

 

Styret kallar med dette inn til årsmøte i Sunnmørsk Klatreklubb. Møtet blir avholdt den 14.03.2016, klokka 19.00 på Høgskulen.

Saker som medlemmar ynskjer å ta opp på årsmøtet, må sendast til styret seinast 29.02.2016 på mail: Kontakt Sunnmørsk Klatreklubb.

Fullstendig sakliste vert gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før årsmøtet på e-post samt på www.sunnmorsk-klatreklubb.no.

For å ha stemmerett og kunne veljast må ein vere fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst ein månad og ha betalt kontingent for 2016. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valgbarheit, forslagsrett osb., sjå Idrettslagets lov §5 til §8.

Vel møtt til årsmøte!

 

Med venleg helsing
styret i Sunnmørsk Klatreklubb

 

NB: Datoen som er sett for årsmøte føreset at rekneskapen vert klar i tide. Dersom møtet må utsetjast får alle medlemmar beskjed på mail og her på websida.

Dette innlegget vart lagt inn i Sunnmørsk Klatreklubb med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *