Invitasjon til lysbiletesamlinga 2015

Molladalen,-kaminen-på-sørvestegga-2013

Laurdag 24. Januar har Sunnmørsk Klatreklubb gleda av å invitere klatrarar i alle former og fasongar til den tradisjonsrike lysbiletesamlinga på Standalhytta.

Her samlast vi i godt lag og ser på biletframsyningar og får høyre gode historier og skrøner, et god middag og stroplar ut i dei seine nattetimar. Dersom du har vore på ein klatretur du vil fortelje om og syne bilete frå (lysbilete eller digitale bilete), så er du hjarteleg velkomen til det. Badstova er open for dei som ynskjer å tine skrotten litt ekstra no som vinteren endeleg er komen, hugs å ta med handuk.

Det er høve til å overnatte på hytta for dei som ynskjer det. Ta med sengekle/lakenpose/sovepose.

Middagen vert servert kl. 19.00 og framsyninga tek til 20.00. Noko godt i glaset må kvar enkelt syte for sjølve.

Prisar:

Overnatting og middag: 350 kr
Overnatting: 250 kr
Middag: 100 kr

Kontant betaling ved oppmøte laurdag.

Påmelding:

For å vite kor mykje mat me skal berekne må me vite kor monge som kjem. Send bindande påmelding på e-post til kontakt@sunnmorsk-klatreklubb.no

 

Me gler oss til ei heidundrandes bra lysbiletesamling! Vel møtt!

 

Mvh
Styret i Sunnmørsk Klatreklubb

Dette innlegget vart lagt inn i Sunnmørsk Klatreklubb med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *