Invitasjon til SKK sitt 40-års jubileum


10368909_545490702223776_1641000636427212316_o

I samband med Sunnmørsk Klatreklubb sitt 40-årsjubileum ynskjer me å invitere til ei jublieumshelg 1.til 2. november med historiske rammer på Hotell Union på Øye.

Dersom veiret vil det, kombinerar me fjellturar med treretters middag, feiring og overnatting i dei same lokala som dei gamle pionérane!

Dersom dette skal bli noko av er me avhengige av bindande påmelding ei god tid i forvegen.
Me ber difor om at de sender bindande påmelding til kontakt@sunnmorsk-klatreklubb.no innan 1. oktober.

Håper at mange sluttar opp om dette!

 

Prisar:

Treretters middag utan overnatting: 525,-
Overnatting på dobbeltrom med middag: 1170,-
Overnatting på enkeltrom med middag: 1615,-

 

mvh.
Styret i Sunnmørsk Klatreklubb

Dette innlegget vart lagt inn i Sunnmørsk Klatreklubb med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *