Medlemskap

Dette medlemskapet er for deg som kun ynskjer å vere medlem i Sunnmørsk Klatreklubb. Klatring i klatrehallen i Ørsta er ikkje inkludert i dette medlemskapet. Sjå meir om prisar under «medlemskap» i fana «Klatrehallen i Ørsta» for meir info.

Medlemsfordelar:

Som medlem i SKK har man fleire fordelar, bl.a rabbat hjå Sport1 Ørsta (20% ved framvist medlemskort).

Utlån av crashpad til buldring, klubben har to crashpadar til utlån til medlemmar, dei kan man låne i klatrehallen i Ørsta.

Førarbibliotek. Klubben eig mange førarar frå rundt om kring i verda som er å få lånt ut i klatrehallen i Ørsta. Her finst det mykje innspirasjon for klatre-utforsking kring i verda!

Ola-selet. Ola-selet er tilgjengelig for medlemmar, sjå under eiga fane for Ola-selet på heimesida.

Medlemsskap i Sunnmørsk Klatreklubb

MedlemsskapPeriodePrisRegistrering og betaling
Sunnmørsk KlatreklubbJanuar - Desember200 krMin Idrett