Molladalssamling 2008

I år som i fjor freista styret lukka med å leggje samlinga til august. Etter ein fantastisk finevers-sommar, med sol og atter sol, trefte ein berre delvis. Dei ivrigaste satsa friskt allereie laurdag, men denne dagen sette regnet ein effektiv stoppar for alle klatreframstøytar. Men søndagen blei tørr og varm.

2008-08_Aug__022

Frå 2. taulengda i Vestveggen på Holtanna

 

Underteikna kom opp laurdagskvelden i det regnet stogga. Det var varmt og fint, og ein god gjeng kunne samle seg til drykk og drøs kring primusen ved teltplassen. Spreiinga med omsyn til alder, kjønn, nasjonalitet og yrke/studiar var stor mellom dei 9 klatrarar som var samla i dalen, og mykje rare synspunkt blei utveksla på til dels dårleg engelsk. Artig.

Søndag blei det klatring frå morgon til kveld, med eit finsk lag på Sydvestegga på Jønshornet, eit tremanns-lag med studentar på Søregga på Holtanna og Sofaruta, eit lokislag i Vestveggen på Holtanna og eit anna på Krutt-tårnet.
Det å legge samlinga til sein august er ein god ide med tanke på at ein då kan få nye studentar inn i eit veksande, men framleis ikkje alt for stort klatremiljø på Sunnmøre.
Ein kan elles nemne at det har vore relativt stor aktivitet både i klatrefelta og i Molladalen denne sommaren, med Tore L. og Audun S. som primus motorar.

av Stig, Volda 01/09/08, kl 23:26

Dette innlegget vart lagt inn i Overført frå SKK-nytt.com, Sunnmørsk Klatreklubb med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *