Molladalssamling

Frå ruta «Clifton»

Komande helg vert den tradisjonsrike molladalssamlinga arrangert! Frå fredag 29.08 til søndag 31.08 er det altså mogeleg å møte kjentfolk i fjellet, eller bli kjent med nye fjellfolk. Pakk sekken tungt og møt opp i Molladalen fredag ettermiddag. Alle klatrar etter evne og skryt etter behov. 

Det kan sjå ut til at ein del nye klatrarar finn vegen. Sjølv om alle står fritt til å legge sine eigne planar, hadde det vore hyggeleg om nokon av dei meir røynde gav dei nye og håpefulle ein introduksjon til fjellklatringa og naturlege sikringar.

 Klatreførar for Molladalen finn du her

Dette innlegget vart lagt inn i Sunnmørsk Klatreklubb. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *