Ny nettside

Då er endeleg den nye nettsida til Sunnmørsk Klatreklubb på plass. Alt innhald frå gamle SKK-nytt.com er flytta over til denne sida (mykje er ferdig, men ein del kjem litt etter kvart), i tillegg er det ein del nytt som har kome til.

Forhåpentlegvis er det no lettare å finne fram i innhaldet. Klatreførarane er meir oversikteleg organisert, i søkbare tabellar, og alt kan lastast ned i PDF-format.

Du finn informasjon om alt som gjeld klatresiloen, medlemsskap, kurs, nyttige lenkjer og liknande. I kalenderen vår finn du informasjon om kva som skjer framover.

For dei som ikkje har Facebook, kan ein under punktet «Facebookfeed» i menyen lese dei siste oppdateringane frå Klatresiloen i Volda si facebookside.

Dersom du kjem over noko som ikkje fungerer som det skal (lenker som ikkje fungerer, bilete som ikkje kjem fram og liknande) hadde det vore fint om du tok deg tid til å sende ein mail til kontakt@sunnmorsk-klatreklubb.no med lenkje til sida og beskrivelse av kva som ikkje virkar som det skal.

Dette innlegget vart lagt inn i Sunnmørsk Klatreklubb med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *