Ørsta Idrettspark – nytt klatreanlegg?

Representantar frå styret møtte denne veka Gunnar Knutsen, styreleiar i Ørsta Idrettspark. Her vart me presenterte for spennande og ambisiøse planar, og vart oppfordra til å ta stilling til kor mykje me ser for oss å nytte eit eventuelt nytt anlegg. Dette er eit langt meir kostbart innandørstilbod enn det me har i dag, og ein vegg som er tenkt å skulle halde standard for å arrangere norgescup. Både tauklatringa og buldringa vil få anlegg i tråd med dei nye standardane for innandørsanlegg. Kapasiteten i våre noverande lokaler er til tider alt for liten, samstundes som arbeidet med drift og aktivitet ligg på få hender:

  • Kor stor aktivitet ein kan sjå for seg med eit nytt og større anlegg?
  • Kva betalingsvilje og prisnivå kan ein vente seg, og kva er våre medlemmar villige til å betale for eit betre tilbod?
  • Dugnadsinnsats og kapasitet til å drive eit slikt anlegg.
  • Drift av to anlegg, eller flytting av innandørs aktivitet til Ørsta?

Om nokon har innspel, synspunkt og tankar er me hjarteleg takknemmelege for dette. Om ein går inn for eit slikt prosjekt må det vere med ei brei semje i botn. Me vil ha eit styremøte i næraste framtid, og utarbeide ei innstilling der.

 

 

fleirbruks2

Dette innlegget vart lagt inn i Sunnmørsk Klatreklubb. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *