Tryggleik

Klatring er ein risikoaktivitet

For å minimere risikoen og klatre sikkert må vi innsjå dette slik at vi tek tryggleiken på alvor.

Vil anbefale alle å ta ein kikk på lista over ulykker og nestenulykker som har blitt rapportert inn til klatreforbundet. Det gir eit bra innblikk i kva som kan gå gale, og ein ser også at veldig mange av ulykkene og nestenulykkene kunne vore unngått med enkle tiltak.

Om uhellet skulle vere ute, så kan du fylle ut skjema for uønskte hendingar som du finn i klatresiloen. Dette leverast til vakta (eller leggast i betalingsboksa om det er utanfor opningstid) slik at tryggleiksansvarleg kan rapportere inn hendinga til klatreforbundet og iverksette tiltak for å hindre at eit liknande uhell skjer igjen.

Under kan du lese om kva ein bør gjere for å unngå ulykker når ein er å klatrar.

 

Alltid utfør kameratsjekk

Mange ulykker når det kjem til klatring kunne vore unngått om alle hadde vore flinke til dette. Sjekk at selar er korrekt tatt på og alle spenner er riktig trædd, at innbindingsknute er korrekt – både knute og innbindingspunkt, at klatrar og sikrar er kopla inn på same tau, at taubrems er festa i sentralløkka på selen til sikrar, karabin er låst og at tauet er trædd korrekt gjennom bremsen.

Vær våken når du er i klatrehallen: ser du at nokon har gjort noko feil på desse punkta – sei i frå!

 

Kommunikasjon

God kommunikasjon er veldig viktig i klatring. Er det mange som klatrar, bruk namnet til klatrepartneren din når du gir beskjedar og ver tydeleg.

Ved ledklatring, gjer klatrar oppmerksom på det dersom du ser at han gløymer å klippe inn, feil klipping av kortslynger eller at klatraren har foten mellom veggen og tauet.

 

Fokus og konsentrasjon

Ver fokusert på det du styrer med når du er i klatrehallen. Dersom du sikrar, fyl med på klatraren og konsentrer deg om sikringsarbeidet. Ikkje la deg distrahere av andre som snakkar rundt deg. Ver oppmerksom og førebudd på at klatraren kan falle.

Pass på å ikkje opphald deg i fallsona til andre klatrarar over deg. Sjå deg rundt og vurder situasjonen og plasser deg deretter.

 

Kontroll av utstyr

Pass på at utstyret ditt er heilt og i god stand. Kontroller sele, karabinarar, brems, slynger og tau før du brukar det.

 

Brattkort/topptaukort

Ta brattkort eller topptaukort. Då har du fått bevist for andre og deg sjølv at du kan det du treng for å vere ein trygg sikrar og klatrar.

 

Vere klar over konsekvensar

Ulykker i klatring kan fort bli utrivelig. Ein er ofte høgt over bakken, og ein treng ikkje klatre høgt for at eit bakkefall skal bli stygt.

Førebygg heller at ulykker skjer enn å gamble på at det går bra. Dersom du legg deg til gode vanar så gjer du det til slutt utan å tenkje over det. Om ein har rette haldninga til tryggleik og er fokusert på det, så reduserer ein risikoen for at ulykker skal skje betydeleg og både du og klatrekompisane dine kan klatre trygt.

 

Kontroll og vedlikehald i klatresiloen

Når det gjeld tryggleik i klatresiloen, så har vi jamnleg kontroll av tau, slynger og boltar. Er noko byrja å bli slitt, så byter vi det ut slik at det skal vere tryggast mogleg å vere i Klatresiloen. Ser du noko du reagerer på – sei frå til vakta slik at driftsansvarleg for klatresiloen får vite om det.

Ein bør også vere observant når det kjem til klatretak – dersom dei ikkje har blitt stramma skikkeleg så kan det skje at dei snur på seg ved belastning. Det du kan gjere då er å seie frå til vakta om det er i opningstida eller du kan stramme det sjølv med unbraconøkkel som du finn i skapet i tilbygget.