Ullalandshamrane

Ullalandshammrane er i hovudsak svaklatring på BB, men her er også naturlig sikra risslinjer, mix ruter og bratte ruter for dei med pump i armane.  Vanskegraden varierar frå grad 5 til 8. Her finn du òg det som nok er Noregs brattaste 5+, Bøtteknøtten. Denne kan du klatre med «beina på ryggen».

Parkering:

Ein parkerer ved brua som går over Kvernaelva der den kjem roleg flytande i frå Aldalen før den kastar seg ned mot Austefjorden.

Anmarsj:

Anmarsjen tek ca 10 minutt. Hammrane ligg aust/nordaust for parkering. Deler av dei er synlege frå vegen. Der er ingen markert sti heilt fram til feltet, men det er naturleg å gå oppover langs Kvernaelva på høgre side til ein kjem til eit gjerde/led. Ta so til høgre og oppover bakkane. Anmarsjen her er fuktig, so det er kjekt med godt skotøy.

Feltet:

Det var klatra eit par ruter i området på 80-talet, blant anna ruta «Den nakne egga». Men rutene er i hovudsak pussa (kjempejobb!!!) og borra i perioden 1992-1996.

Førar:

Klatreførar er lagt ved i pdf format. (Klikkbar tekst i venstre marg.) Der er fleire veggar med ruter lenger aust i klatrefeltet enn det som føraren viser. Desse skissene vil forhåpentligvis bli lagt ut i løpet av…… Foreløpig får den som er interessert i desse prøve å finne fram etter beste evne, eller ta en telefon til Stig Endre: 70 14 40 72.

Last ned teikna førar i PDF og førar med bilete i PDF

Bilete:

Her er nokre oversiktsbileter over delar av feltet.