Sakliste til årsmøtet 14.03

 

Til medlemmar i Sunnmørsk Klatreklubb                                                                                                                              07.03.2016

 

Sakliste for årsmøte i Sunnmørsk Klatreklubb

 

Styret viser til innkalling til årsmøte av 21.02.2016.

Årsmøtet vert avholdt den 14.03.2016 på Høgskulen i Volda.

Under følgjer saklista for årsmøtet.

 

Årsmøtet skal:

1. Godkjenne dei røysteføre.

2. Godkjenne innkalling, sakliste og dagsorden.

3. Velje dirigent, referent, samt to medlemmar til å underskrive protokollen.

4. Handsame SKK si årsmelding.

5. Handsame idrettslaget sitt rekneskap.

6. Handsame forslag og saker.

7. Fastsetje medlemskontingent.

8. Vedta idrettslaget sitt budsjett.

9. Handsame idrettslaget sin organisasjonsplan.

10. Engasjere statsautorisert/registrert revisor til å revidere idrettslaget sitt rekneskap.

11. Utføre følgjande val:

  1. Leiar og nestleiar
  2. To styremedlemmar
  3. Representantar til ting og møter der idrettslaget har representasjonsrett, eller gi styret fullmakt til å oppnemne representantane
  4. Valgkomité med leiar, to medlemmar og eitt varamedlem

 

Ved å følgje denne lenkja kan de finne vedlegg til saker som skal takast opp under årsmøtet.

  • Ny lovnorm frå NIF
  • Instruks og mandat til oppnemnd hallkomité
  • Styret sitt forslag til budsjett
  • Styret stt forslag til organisasjonsplan
  • Valgkomiteen si innstilling
  • Styret si innstilling på neste års valgkomité
  • Årsmelding

 

Vel møtt!

Mvh.
styret i Sunnmørsk Klatreklubb

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.