Molladalen

Det er – heldigvis – ikkje regulert ved lov av kven- og korleis klatreområder til fjells skal forvaltast. Klatring har vore ein uformell aktivitet styrt av nokre få grunnleggande normer og verdiar; ikkje minst «sportsmanship» som fordrar sjølstendige individ med indre kompass og intigritet.

Ein må derfor til klatrelitteratur og UIAA diskusjonsnotat for å finne forvaltningsnorm. Essensen der er at dei mest aktive klatrarar / den lokale klatreklubb / den nasjonale klatreklubb har ansvar for å definere og formidle lokale stilar og tradisjon, og halde ved like faste sikringar. For alle praktiske formål er det SKK som skal forvalte Molladalen som klatreområde til fjells.

Klatreførar. Eg finne det naturleg at SKK engasjerer seg i arbeidet med ny førar for Molladalen. Ikkje ved å vere utgivar, men ved å vere i dialog med utgivar og sørge for at denne forstår, respekterer og vil formidle SSK sitt forvaltningsanasvar for Molladalen. Sidan der er fleire interessentar i dette på forfattarsida, bør SKK ta kontakt med dei med tanke på mulig samarbeid.

Rapellruter. Ved forrige store rapellrutedugnad for 30 år sidan, var det semje om at ikkje alle toppar og veggar skal ha eigne permanente rapellruter. Molladalen er alpint fjellområde som krev personleg erfaring og kunnskap for å ferdast trygt. Dette bør ligge fast. Ei endring av praktisk- og sikringsmessig art som må vurderast, er å tilpasse rapellar til 60m tau; dvs 30m rapellengde.

Utedo. Er ikkje ei sak for SKK.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.