Aktiv veke for klubben

Den siste veka har det skjedd mykje kjekt i klatreklubben, miljøet har samlast fleire stadar for å dele felles interesser. Sist helg var det offisiell opning av den nye fleirbrukshallen i Ørsta der klatreklubben sto klare med heilt nytt klatreanlegg. På Standalseidet var me på ny samla på Standalshytta til middag, fest og årleg lysbildeframsyning. Etter helga var det igjen duka for storslått samling når filmen FREE SOLO hadde premiere på Volda Filmteater. Det var 93 betalande i salen på framsyninga, dei aller fleste frå SKK.

Opningshelga i nyehallen vart ein enorm suksess for SKK ettersom mykje folk i alle aldrar var innom desse to dagane for å prøve dei nye klatrefasilitetane. Både familieveggen, hovudveggen og buldreområdet fekk kjørt seg, noko som lovar godt for framtidig satsing. Vakter frå klareklubben og Ørsta Folkehøgskule gjorde ein kjempeinnsats denne helga og klarte å handtere stort trykk frå folk som var innom og trengde hjelp når dei ville prøve klatringa i veggane og i buldreområdet. God innsatsvilje gjorde til at det vart trygt og artig å halde på.

På Standalseidet var det superføre til fjells og mange samla seg på kvelden etter større eller mindre skiturar til nydelig middag på Sandalshytta. Kirsi Räty var sjefen på kjøkkenet og fekk med seg flinke damer og menn når dei laga bacalao til folket. Maten fekk gode tilbakemeldingar og der var meir enn nok til alle. Her hadde til og med Eyvind Hellstrøm vorte imponert.
Sjølve lysbildeframsyninga var farga av gode historier og interessante turar frå mellom anna Wadi Rum, Rocklands, Val di Mello, Calanques og Verdon.
Ettersom klatresiloen vert histore etter 24 år i drift heldt Kjetil Solbakken (som har vore med frå starten før bygginga og fram til i dag) eit foredrag om siloens historie. Det vart godt motteke frå publikum, og me kan alle sjå tilbake på utallige dugnads og treningtimar i eit lokale som har fulgt klubben i mangfoldige år.

Den siste veka har styret gjort godt arbeid i nyehallen. Hyller til lagerrom har vorte kjøpt inn, bulder er skrudd opp og ny lett taurute vart montert i går kveld i hovudveggen.
Sjølv om det var offisiell opning i helga som var kunne kommuna ikkje opne for full drift etter helga grunna ein del finarbeid som står att. Offisiell opning for klatreveggen vert mandag 11. februar for medlemmar, og opne dagar for alle mot betaling tysdag og torsdag i vekene som fylgjer. Meir om detaljane rundt dette (nøkkelkort, treningstider osb.) kjem me attende til når me har dei rette svara.

FREE SOLO går på Volda Filmteater søndag 3.2 kl 20.45 og torsdag 7.2 kl. 18.00 for dei som ikkje har fått den med seg. Ein film alle bør sjå! Ta turen og støtt opp om det lokale Filmteateret i Volda!

I veka som kjem skal det skje meir i nyehallen. Nye ruter skal opp, regelverk og informasjon skal ut til medlemmar av SKK. 2019 ser ut til å verte eit kjempeår for klubben.

 

Me gler oss!!

 

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *