Boltar og hengarar

Det er kome ein del kristiske og mistenkeleggjerande ytringar om boltar & hengarar brukt i felta våre; at dei er gamle, heimelaga og ikkje av godkjent type.

Det viktige først : alle boltar og hengarar er laga av industistandard A4 (unntaksvis A2) stål og er trygge å bruke.

Produksjon av stålet er gjort på smelteverk – igjen kjøper dette stålet om ikkje produksjonsmetoder kan dokumenterast gjennom sertifisering og internkontroll.

Dei som kjøper stålet som rund-, flatt- eller vinkelstål og produsere boltar, mutterar og hengar har også sertifisering og internkontroll.
I nokre få tilfeller er det eitt og same firma som produserer og distribuerer – td Fixe og Stokkstad.
Det vanlege er at nokre få produserer, men fleire distribuerer same produkt under ulike merker – td Fisher selt som Petzl, AustriaAlpin, Raveltek.

Så – boltar brukt i våre felt kjem frå Fixe og Fisher og hengarar kjem frå Fixe, Petzl, Mammut, AustriaAlpin – (og nokre få frå Tore-kjellaren)

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.