Boreboltar

Det vert sagt og skrive mykje om boreboltar for tida – og meir enn antyda at boreboltar i lokale felt er usikre.

Ja, det er sant at metalldelar som ikkje er av klin lik kjemisk samansetting kan føre til korrodering.
Ja, det er sant at syrefast- og rustfritt stål kan verte på verka av kjemikaliar i nokre fjelltypar.

Nei, det er ikkje sant at metalldelar i boreboltar i lokale felt er så kjemisk ulike at dei «rustar av» av den grunn.
Nei, det er ikkje sant at gneiss og granitt utsondrar kjemikaliar som bryt ned syrefast- og rustfritt stål.

SKK har alt bytta ut alle usikre boltar av type «Petzl splitt bolt».
Det er berre boltar, hengarar og stoppskiver av syrefast- og rustfritt stål som står i lokale felt – 10-20% er limboltar.
Med unntak sk Stokkstad-boltar laga i Bergen av ubåt-akslingar, er alle boltar laga av produsentar med CE/ISO rutiner.
Med unntak ca 100 hengarar eg har laga (og som vert skifta ut etter kvart), er alle hengarar  laga av produsentar med CE/ISO rutiner

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.