Buldrebord 9 desember

For dei som ikkje skal på regionscup i Molde, inviterer Sunnmørsk Klatreklubb til årets Buldrebord.

Det blir avhold laurdag 9 Desember kl 15, i Klatresiloen i Volda. Dette er tilbod både for deg som vil bryne seg mot dei beste, eller bryne deg mot deg sjølv.

Ta med deg litt av årets julebakst, og bli med på å lage Sunnmørks Julekakebord, slik at ein har påfyll av energi langs med.

Vel møtt!

Vh,

SKK

Poenggiving

Alle som kjem har i utgangspunktet 3 poeng pr rute, men mister 1 poeng pr gang ein dett av.  Men etter 2 forsøk har du ubegrensa forsøk på gå ruta, og kan då få 1 poeng for ruta.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.