Buldrefelt, klatrefelt og litt historie

Vi har fått mange nye medlemmer det siste året. Mange av desse har funne klatrefelta våre rundt om, ved hjelp av bøker eller såkalla «førerar». Men klubben har også pussa fram mykje god buldring. Er ein ikkje lokalkjend,vil det vere vanskeleg å finne dei ulike buldera. Mange av dei ligg på appen «27crags», men også her vil det vere vanskeleg,ettersom mange av dei er lagt inn heilt feil. Td er den groveste feilen 2mil unna der bulderet faktisk er. Å lage ein førar i bokformat var lenge planen. Dette skrinla vi for nærare 8år sidan. Vi vil i tida no framover(etter koronaen har roa seg) ta fatt på dei allereide godt etablerte buldrefelta, for å finpusse desse og lage dei overkommelege også for klubbens nye medlemmer. To av desse felta er ved Aurstad camping og det andre ved Eikrem. Sistnemnde,vart pussa fram i 2013, som buldrefelt, men allereide på 70-talet vart det klatra tau her. Vi vil få bolta opp fleire linjer og gjere dette til eit familievennleg klatrefelt.
Vi vil fortsette med å bruke appen 27crags,men prøve å rydde i rotet. I tillegg vil vi prøve å etablere ein nettbasert førar,der ein lettare kan redigere og legge inn nye ruter, etterkvart som desse dukkar opp.
Det vi treng, er hjelp til å rydde, hjelp til å pusse mose og lav, få rydda landingsplassane og få buldrefelta våre «ut» til medlemmane våre. Det siste er enklast om De er med ut og kanskje kan pusse fram eigne problem😉
Klubben har to buldrematter/crashpads til utlån, men sport 1, har også teke inn slike i butikken. Vi håpar på eit meir levande klatremiljø og at fleire finn vegen ut, om det er i klatreselen eller med crashpaden på ryggen.

Så når denne vanskeleg tida er over ,håper vi at du tek turen ut, saman med oss og gjer dei lokale klatrefelta til «ditt felt» også:-) Vel møtt – Styret, tekst Sindre Dimmen.

Foto: Thomas Riis, fra Eikrem i 2018
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *