Buldrehola vert skrudd om + dugnad!

Tysdag 15.09 vert buldrehola skrudd om! Buldrehola vert utilgjengeleg frå kl 0800-1630.

Rutesettarar er Birger Balseth og Markus Skaar, som jobbar i Buldrehallen i Ålesund

Før dei set i gong, har vi ein jobb å gjere med å skru ned, vaske klatretak og rydde! Denne gongen ønsker vi å gjennomføre ein real vask.

Veggane i buldrehola skal vaskast over med mopp (etter vi har fjerna tak og makroar).

Støvsuging og rydding imellom tjukkas og vegg.

Støvsuging i vinduskarmen oppe med treningsavdelinga, og ellers i samme område.

Det vil bli klargjort med utstyr til nedskruing og vasking av tak, samt moppar og støvsugar.

Håper so mange som mogleg kan møte!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *