Definisjonen på optimisme

Med gode håp om ei helg med klatring la 4 optimistar i veg til Molladalen fredag ettermiddag med tunge sekkar og godt humør. Oppmøtet var lågt mellom aktive klatrarar, og regnet hadde nok skremt lysta ut av dei fleste.

Men i Molladalen denne kvelden sat 4 karar under ein medbragt presenning og gledde seg stort til ei helg i veggen.  

Folk ned i bygda hadde heilt klart valgt feil denne helga. Her sat vi og varma oss inntil bålet medan regnet hølja ned, humøret var på topp og vitsane like tørre som karane der vi sat i ly for vêr og vind under presenningen. 

Ut over kvelden mellom vinglasa, snakka vi mellom anna om helgas prosjekt. Vi kom til slutt fram til at det laurdag kom til å bli kø på ruta, eller »crowded» so dei sei lenger ned i Europa. Ikkje nok med at vi 4 hadde heile dalen for oss sjølve, vi skulle til og med begynne å lage kø for kvarandre, vel vel.

Når dagslyset kom neste morgon var vêret nokså uendra. Regn, vind og tåke i fjellveggen auka ikkje akkurat sjansen for klatring, og etter mange timar med evig optimisme om at det skulle tørke opp i løpet av dagen var det berre å seie seg slått av vêrgudane då vi i 4-tida måtte kaste inn forkle og pakke saman og reise der i frå.

Om ikkje vi fekk klatra fekk vi i alle fall nye minner, frå ei nokså kjekk Molladalssamling i litt utradisjonell stil.

So får vi heller halde på optimismen til neste år.

 

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *