Eikremsfeltet.

Hallo alle klatrefolka

?

Her kjem litt kjekk kveldslesnad:Vi har tidlegare posta noko info om felt vi vil fokusere på framover, bl. a. Eikremsfeltet.-eit fint felt med mykje berg og småhamrar midt mellom Ørsta og Volda. Skogen rundt steinane har vore mykje brukt av barnefamiliar i fleire år, med bålplass og trolsk stemning. Ei trygg leikegrind både for store og små

?

Fleire har i seinere tid reagert på «ferske» steinar som ligg velta inn i skogen og opp mot treleggane, som om det har rasa tilfeldig ned frå fjellet. Det er altså ikkje tilfelle. Dette er steinar som har vorte tekne under dugnad. Etter forrige dugnad stod der att ein stein, kilt mellom to tred. Denne er no tatt hand om og lagt i bakken. Eit fint lite judokast, som tok sine timar å utføre

?

Vi merkar området når vi har dugnad der, så ein ikkje går uoppmerksom inn i ei krigssone

?
?

De skal m. a. o få sleppe å tru at steinane har rasa ut og at det er farleg å vere der

?

Vi håper likevel at når vi kan køyre dugnad att, kjem du med smil om munnen og arbeidslyst frå ein annan galaxe og tek i eit tak

?

Kanskje vi saman kan dugnadere litt for å få det til å vere ei leikegrind også for komande generasjonar av klatrarar, store og små

?

Vi håper dette feltet kan bli eit felt med ruter frå det fjørlette, til det meir tunge slaget, men med vekt på «nybyrjar-venleg». Legg ved to bilete frå gårdagens nedlegging av ein stein som enkelte tidlegare har reagert på..

Tekst: Sindre Dimmen.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *