Full gass til Romsdal

Ikkje det beste veret var meldt før helgas årlige event i Romsdalen. Kraftig vind og regn i Møre og Romsdal gjorde sitt til at mange valde å finne på andre ting denne helga. Men eit lite knippe ivrige sjeler såg fram til ei helg i vakker Romsdalsnatur og sette snuten nordover fredag ettermiddag, i håp om lettare skydekke.

Klatreklubben Ålesund var også med på samlinga, og var godt rusta for helga.

Veret var lett overskya laurdag og folk fekk klatre og buldre det dei klarte. Nokon fór til fjells medan andre heldt seg i lavlandet på felt som Slettafossen, Bobleveggen og Skiri.

På kvelden samla klubbane seg for mat og prat om dagens bestigningar. Der vart det også ararrangert quiz.

Søndag var det berre dei ivrigaste som tok på seg klatreselen, medan resten sette snuten heimover.

_____________

Neste månad vert det Klubbtur i Norangsdalen på feltet Kopphammaren der vi håper på godt oppmøte. Ta med telt, sovepose og utstyr for ei artig helg saman med kjekke folk. Det blir også mogleg å kjøpe Føraren vår for Volda/Ørsta der.

Kjem DU?

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *